Slaget ved Francavilla

Slaget ved Francavilla vart utkjempa den 20. juni 1719 nær byen i Francavilla di Sicilia i Sicilia i Italia mellom Spania og Austerrike som ein del av kvadrupelalliansekrigen.

Slaget ved Francavilla
Del av kvadrupelalliansekrigen
Dato 20. juni 1719
Stad FrancavillaSicilia
Resultat Spansk siger
Partar
 Det tysk-romerske riket  Spania
Kommandantar
Greven av Mercy
Friedrich von Seckendorff
Markien av Lede
Styrkar
21 000[1] 29 000
Tap
3 100 drepne eller skadde 2 000 drepne eller skadde
Kvadrupelalliansekrigen
SardiniaSiciliaCastellamare1. PalermoKapp Passaro1. MessinaMilazzoFuenterrabíaGlen ShielFrancavillaRosesPensacola2. MessinaVigoKapp St. Vincent2. PalermoSferracavalloLa Seu d'Urgell Nassau

Bakgrunn endre

Etter at den spanske flåten vart øydelagd i slaget ved Kapp Passaro i august 1718 var invasjonsarmeen på 30 000 mann under markien av Lede isolerte på øya Sicilia. I 1718 hadde austerrikarane framleis dei fleste soldatane sine på Balkan fram til avslutninga av den austerriksk-tyrkiske krigen 1716–1718 med freden i Passarowitz den 21. juli 1718.
Det første austerrikske forsøket på å angripe spanjolane frå Napoli var mislukka, då dei vart slått i slaget ved Milazzo den 15. oktober 1718. Dei klarte derimot å halde eit lite bruhovud kring Milazzo.

I juni 1719 hadde austerrikarane flytta ein meir erfaren armé på 24 000 mann under greven av Mercy frå Balkan til Sør-Italia, der dei segla over Messinasundet av den britiske flåten.

Spanjolane hadde forlate kringsetjinga av Milazzo og trekt seg attende til ei meir gunstig stilling kring landsbyen Francavilla di Sicilia, der dei var dekte av ei elv og av eit kloster på ein ås.

Slaget endre

Morgonen den 22. juni gjekk austerrikarane til åtak på den befesta spanske stillinga i tre kolonnar. Den første kolonnen gjekk til åtak på den befesta landsbyen Francavilla tre gonger, men vart driven attende kvar gong. Den andre kolonnen klarte å erobre skyttargravene ved foten av klosteråsen, men vart stoppa av den andre spanske linja. Greven av Mercy vart skadd i denne fasen av slaget. Den tredje kolonnen gjekk til åtak på den spanske venstreflanken, dreiv dei attende til åsen San Juan, men vart sjølv pressa attende av kraftig spansk kanoneld og hadde søkt tilflukt i ei kløft, der dei leid store tap. Mellom anna omkom general Holstein, som leia åtaket.

Det spanske artilleriet under markien av Villadarias spelte ei viktig rolle under slaget, påførte store tap og forvirring i den austerrikske armeen.

Slaget varte til kvelden, då eit motåtak av det spanske kavaleriet fjerna alt håp om ein austerriksk siger. Austerrikarane trekte seg attende og etterlet 3 100 døde og skadde. Spanjolane mista 2 000 mann, som anten var død eller skada.

Etterverknad endre

Markien av Lede følgde ikkje etter austerrikarane, og gav dei høve til å kome seg att etter nederlaget. Austerrikarane kringsette seinare Messina, som fall etter ni fiendtlege åtak. Krigen heldt fram til fredsavtalen vart signert i Haag den 17. februar 1720. Dei spanske soldatane måtte evakuere Sicilia, og vart transport attende til Spania av den britiske marinen. Øya vart så ein del av Austerrike.

Kjelder endre

  1. Chandler: The Art of Warfare in the Age of Marlborough, s. 305. All statistics taken from Chandler.