Slaget ved Ticonderoga i 1759
43°50′29″N 73°23′17″W / 43.84139°N 73.38806°W
| ||||||||||||||||||||||||||||||
|
Slaget ved Ticonderoga var ein mindre konfrontasjon ved Fort Carillon (i dag Fort Ticonderoga) den 26. og 27. juli 1759, under den franske og indianske krigen. Ein britisk styrke på meir enn 11 000 mann kommandert av general sir Jeffrey Amherst flytta artilleriet sitt til ei høgd over fortet, som var forsvart av 400 franskmenn kommandert av brigadegeneral François-Charles de Bourlamaque.
I staden for å forsvare fortet, trekte de Bourlamaque, som handla under instruksar frå general Louis-Joseph de Montcalm og guvernøren i Ny-Frankrike, Marquis de Vaudreuil, styrkane sine bort og prøvde å sprenge fortet i lufta. Magasinet med krut vart øydelagd, men murane vart ikkje så alvorleg skadd. Britane okkuperte så fortet, som fekk namnet Fort Ticonderoga. Dei gjorde fleire utbetringar i området og byrja å byggje ein flåte for å gjere militære operasjonar på Lake Champlain.
Den franske taktikken var nok til å hindre armeen til Amherst i å slå seg saman med James Wolfe i slaget ved Abrahamslettene. Men dei batt òg opp 3000 av sine eigne soldatar som ikkje kunne assistere i forsvaret av Quebec.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 McLynn (2004), p. 154
- ↑ Kingsford (1890), s. 331.
- ↑ McLynn (2004), s. 155
- Denne artikkelen bygger på «Battle of Ticonderoga (1759)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. november 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Kingsford, William (1890). The History of Canada, Volume 4. Toronto: Roswell & Hutchinson. OCLC 3676642.
- McLynn, Frank (2004). 1759: The Year Britain Became Master of the World. New York: Atlantic Monthly Press. ISBN 9780871138811. OCLC 56413697.