Slede

køyredoning på meiar

Slede er eit køyretøy på meiar som blir spent bak eit trekkdyr eller motorkøyretøy for å trekkast over glatt terreng. Ein slede består som regel av to meiar som er beslått med eller heilt laga av jern. Desse er kopla til sjølve bruksplattforma ved hjelp av fire eller fleire bein som løftar doningen over snø og is.

Finslede utan kuskesete, skjækane manglar.
Slede trekt av tospann. Frå Vinnytsia oblast i Ukraina (2012).
Ein slede blir trekt av ein Caterpillar 10K-AT Adverse Terrain hjullastarMcMurdo Station i Antarktis (2001).

Avhengig av bruken er sleden rektangulær eller lett tilspissa framme. Til transport av folk var spissleden vanleg. Han hadde seteplass til passasjerar og gjerne eit kuskesete bak. Arbeidssleden til transport av høy og varer var gjerne lengre og utstyrt med bagasjebrett over det heile. Han kunne utstyrast med karmar. Til tømmertransport hadde ein ei heller kort utgåve som hadde til oppgåve å løfta stokkane slik at dei ikkje køyrde seg ned i snø og tuer, og dessutan å vera feste for stramaren som heldt stokkane på plass.

Sleder er utstyrte med skjæker som er det stive mellomleddet mellom hestesele og slede.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Slede