Slemmestad Idrettsforening

Slemmestad Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande på Slemmestad i Asker kommune, stifta 27. juni 1914. Idrettslaget er aktivt med i fotball og handball. Laga spelar i kvite trøyer og svarte bukser og strømper.

Tidlegare stod også skiidrett på programmet. Kombinertrennaren Per Gjelten er den mest kjende Slemmestad-utøvaren, saman med fotballspelaren Finn Gundersen som var aktiv i Slemmestad etter toppseriespel med IK Skeid.

Kjelder endre