Slåstarspel

(Omdirigert frå Slostespel)

Slåstarspel er ein sjanger innan dataspel med slagsmål som tema. Spela i denne sjangeren er ofte basert på strid mellom eit avgrensa tal på figurar, der dei slåst mot kvarandre heilt til dei nedkjempar motstandarane eller til tida har gått ut. Slåstkampane har ofte fleire rundar og går gjerne føre seg på ein arena.[1]

Døme på korleis eit slåstarspel kan sjå ut. Her møtest to rollefigurar som slåst mot kvarandre. Barometera øvst i bildet viser kor mykje helse kvar av partane har att i den gjeldande tevlinga.

Ofte bruker ein overdrivne variantar av kampsport i slåstarspel. Sjangeren har hovudsakleg vorte popularisert gjennom spel som Street Fighter, Mortal Kombat og Tekken.

Referansar endre

  1. «The Tao of Beat-'em-ups». Eurogamer. Henta 11. august 2018. 
  Denne dataspelartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.