Opna hovudmenyen
Slottparken med Slottet sentralt i fotografiet (2015).
Slottet og Slottsparken sett frå Drammensveien (no Henrik Ibsens gate), mellom 1915 og 1920.
Vakstova til Hans Majestet Kongens Garde på Slottsplassen, eit hus i sveitserstil, er eit av fleire trehus i sveitserstil som ligg i Slottsparken.

Slottsparken er parken ikring Slottet og Slottsplassen i Oslo, og den sentrale, stor parken i byen. Parken er freda. Parkarealet er på til saman 225 dekar (òg kalla mål). Nokre delar av parken har òg sine eigne namn, som Dronningparken, Abelhaugen, Nisseberget. Med unnatak for Dronningparken, som utgjer den nordvestre luten av parken og er inngjerda, er det fri tilgang for ålmenta til alle områda. Dronningparken er vanlegvis open for publikum på dagtid i sommarhalvåret. Gangvegane gjennom parken er vikige sambandsårer for fotgjengarar og syklistar mellom ulike delar av byen, og særleg på gangvegane mellom Parkveien, Slottsplassen og Karl Johans gate er det stor trafikk året rundt.

I parken er det store plenar under høge tre, gangvegar, alléar, og i den luten som ligg på nordsida (baksida) av Slottet er det laga til tre kunstige tjern, eit av dei i Dronningparken. Opphavleg var et om lag 2000 tre til saman i parken, dei fleste planta samstundes, men no er det om lag 1200 tre. I høve til det opphavlege har heile parken vorte forenkla i tidens løp, og talet på blomebed og anna har vorte minska. I den seinare tida har noko av det opphavlege preget vorte rekonstruert.

Parkområdet vart kjøpt og skild ut frå fleire løkkeeigendomar i 1824. Etter at fleire planar for parken hadde vorte utarbeidd, vart det gjort vedtak om å leggje til grunn ein plan som slottsarkitekt Hans Linstow og slottsgartnar Martin Mortensen hadde lagt fram. Arbeidet med å opparbeide parken tok til i 1838 under leiing av av Mortensen, men skort på pengar gjorde at arbeidet drog ut. Fleire av dei trea som vart planta i denne fyrste tida, står framleis. Dei eldste er jamvel eldre enn Slottsparken, og skriv seg frå 1700-talet. Dette gjeld tre i den luten av parken som har namnet Dronningparken, som vart opparbeida som ein park i rokokkostil allereie i 1751 på løkka Sommerro, sommarbustaden til borgermeistar Christian Henrik Støedt.

Blomeenga i SlottsparkenEndra

Kongehuset har fastsett at det skal vere ei blomseeng på ein femtepart av arealet i Slottsparken, altså ei slåttemark som vert slått og stelt slik det vart gjort då ljå, slåmaskin og utandørs turking av graset til høy var einerådande i landbruket, og graset fekk vekse til det vart høgt og bruktbart til høy. Denne marka skal altså ikkje maskinklippast som grasplenene i resten av parken. Med bruken av kunstgjødsel og endra driftsmåtar i jordbruket, men slått då graset ikkje er så høgt og meir eigna til å leggje i silo eller rundball, i tillegg til attgroing av gamalt, dyrka areal, er 90 prosent av dei gamle slåttemarkene her i landet forsvunne. Med dette forsvinn òg slike blomar, humler og bier som er heilt naudsynte for produksjon av matvekstar for menneske. Av dei meir enn 125 plante- og dyreartane som er forsvunne dei siste 200 åra, levde 48 artar i den gamle typen kulturmark eller slåttemark. Då Slottet tok avgjerda om å etablere blomeenger for å gjere sitt til å snu denne utviklinga i ei mer positiv lei, tok biologane til å leite etter frø i parken, og lukkast i å finne frø som hadde lege i grasplenane i årevis. Såleis vart det funne 185 unike artar kring Slottet, og av desse artane er fleire truga av utrydding for alltid. Det vart òg funne artar som mest truleg ikkje har vore nytta i frøblandingar sidan 1840, og planter som ikke er registrert i Oslo sidan 1890. For å få til meir blomstring i parken, planta slottsgartnaren fjorten tusen prestekragar i parken våren 2015. Den betra balansen mellom blomar og bier i parken har gjeve ein monaleg auke i den honningproduksjonen som dei 150 tusen honningbiene som Slottet har skaffa seg, syter for.

Bygningar i SlottsparkenEndra

  • Vaktbygningen for Hans Majestets Kongen Garde attmed Slottsplassen er eit hus i sveitserstil bygd i 1845 - 1847 i panelt tømmer i ein etasje. Huset vart påbygd i lengda i 1953, og i 1993 vart det bygd kjellar under det.
  • Portstovene er tre små bustadhus i ein etasje, bygd i 1845 - 1847 ved to av vegane inn i Slottsparken. Alle tre er i panelt tømmer i ein forenkla utgåve av sveitserstilen, og har seinare fått tilbygg. Eit av dei ligg attmed gangvegen som går inn i parken frå krysset mellom Parkveien og Uranienborgveien, dei to andre ligg på kvar si side nest i vegen som går opp frå Henrik Ibsens gate til sørvestre hjørnet av Slottsplassen.
  • Slottsforvaltarbustaden, grannehuset til villaen Grotten som diktaren Henrik Wergeland fekk bygd til seg, er til liks med Grotten eit hus i sveitserstil. Det fekk sin novernade utsjånad i 1887, men er opphavleg huset på løkka grønneberg, bygd i 1808 for kjøpmann Jacobsen, ombygd og utvida i 1848 for å nyttast som bustad for slottsforvaltaren. Huset er i halvannan etasje.
  • Garneriet er ein liten murbygning frå 1874 - 1878 i Slottparken attmed Wergelandsveien litt sør for Grotten og slottsforvaltarbustaden. Seinare vart garneriet supplert med eit drivhus. Etter at drivhuset vart totalskada i brann i 2003, vart det bygd eit nytt året etter på same staden. I garneriet vert det dyrka planter som skal setjast ut i Slottsparken eller nyttast på Slottet.
  • Stallbygningen ligg i sørvestre hjørnet av Slottsparken, i Dronningparken, langsetter Parkveien. Huset er bygd i 1848 i ein høg etasje med veggar i pussa teglstein, og vart utvida sørover i 1911 med ein bygning i to etasjar og med to fløyer. Bygningen vert ikkje nytta til stall no, men gjer teneste som garasje.
  • Nedgangen frå vest til Nationaltheatret jarnbanestasjon (ikkje til T-banestasjonen med det same namnet) er diskret innpassa i Slottsparken på gatehjørnet mellom Henrik Ibsens gate og Parkveien.

Abelhaugen og NissebergetEndra

 
Abelmonumentet på Abelhaugen.

Abelhaugen er eit lite høgdedrag i søraustre hjørnet av Slottparken, på sørsida av Slottbakken, vegen som går opp til Slottet som ei lenging av Karl Johans gate. Frå haugen er det bratte skrentar ned til Frederiks gate og Henrik Ibsens gate. Namnet har haugen fått etter matematikaren Niels Henrik Abel som fylgje av at det i 1908 vart reist eit monument til minne om han på haugen. Dette minnesmerket, som vert kalla Abelsmonumentet, vart laga av bilethoggaren Gustav Vigeland i 1905, og vert rekna som eit av hovudverka hans.

Høgdedraget har vore større i si tid, men vart minska monaleg då Drammensveien (den novernande Henrik Ibsens gate) vart omlagd i 1896. I åra 1885-1894 stod det eit såkalla «folkeobservatorium» på haugen, ein paviljong med ein stjernekikkert som Chr. H. G. Olsen hadde sett opp for at publikum (mot vederlag) skulle få granske himmelkvelven. Dette «observatoriet» vart flytt til Nisseberget i Slottparken i samband med Den norske Industri- og Kunstudstilling som vart helde der, men flytt til Holmenkollen same året. Paviljongen som kikkerten hadde stått i, vart ikkje rive før i 1909.

Nisseberget, som er eit høgdedrag aust i Slottsparken, med ein steil skrent ned mot Frederiks gate på strekninga mellom Slottbakken og Wergelandveien, var eit samanhangenade høgdedrag med Abelhaugen før Slottbakken vart bygd som ei skjering gjennom høgdedraget i 1840-åra. Kva eller kven som er opphavet til namnet Nisseberget, er ukjend. Før staten erverva Nisseberget i 1824, hadde arealet vore ein part av løkka Marielyst.

På Nisseberget vart det under den tyske okkupasjonen av Noreg under siste verdskrigen reist ein bauta over sogeforfattaren Snorre Sturlason, avduka av den nazistiske kulturministeren Gulbrand Lunde, men dette monumentet vart fjerna i 1945.

Statuane i SlottsparkenEndra

  • «Karl Johan-monumentet» av Brynjulf Bergslien, avduka 1875, er den sentralt plasserte ryttarstatuen som står på Slottsplassen framfor Slottet. Det finst ingen andre kongestatuar i Slottsparken. Statuen av kong Haakon 7. (dronning Mauds ektemann), laga av bilethoggaren Nils Aas, står på ein open plass, 7. juni-plassen, vis-à-vis Abelhaugen (på den andre sida av Henrik Ibsens gate), og statuen av kong Olav V (kronprinsesse Märthas ektemann) står i eit lite grøntområdet, Olav Vs plass, i nærleiken av vestsida av Oslo rådhus.
  • «Abelmonumentet» av Gustav Vigeland til minne om Niels Henrik Abel, reist 1908 på Abelhaugen.
  • «Camilla Collett-statuen», kalla i «I storm», laga av Gustav Vigeland til minne om Camilla Collett og sett opp i 1911. Statuen står i nærleiken av vakstova til Hans Majestet Kongens Garde på Slottsplassen.
  • «Dronning Maud-statuen», laga av Ada Madsen og reist til minne om Dronning Maud i 1959. Statuen står i nærleiken av Slottet, der vegen frå Henrik Ibsens gate kjem opp på Slottsplassen framfor Dronningparken.
  • «Kronprinsesse Märtha-statuen» av bilethoggaren Kirsten Kokkin, avduka 21. februar 2007 av kong Harald til minne om mora hans, Kronprinsesse Märtha, og plassert ikkje langt frå vaktstova til Kongens Garde, på ein avstikkar frå gangvegen frå nordre hjørnet av Slottsplassen til det nordaustre hjørnet av Slottsparken. Statuen var ei gåve frå Stortinget på kong Haralds 70-årsdag.
  • «Rådyret» i Dronningparken er ein statue laga av Arne N. Vigeland i 1953 og flytt frå Bygdøy Kongsgård.

BakgrunnsstoffEndra