Smådal i Bergen
(Omdirigert frå Smådalen i Bergen)
Smaadal eller Smaadalen er ein liten gard i Fana i Bergen kommune. Garden ligg på nordaustsida av Kalandsvatnet, aust for Sineset.
Smaadal | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Bergen | ||
Postnummer | 5229 KALANDSEIDET | ||
Gardnummer | 78 | ||
Ferdselsårer | E39 Osvegen | ||
Garden høyrte til Lyseklostergodset før brukarane sjølv tok over garden frå 1873.
Geografi
endreSmaadalen ligg på nordaustsida av Kalandsvatnet, mellom Sineset i aust og Søranest i vest. Kalandsdalen med Bontveitvegen ligg like aust for Smådalen. Garden strekkjer seg i fjellsida oppover mot toppen av Vardafjellet.
Smaadal grensar til Hedno i nord, Sandven|Nedre Sandven] i vest, Kismul i sør (grensa går midt i Kalandsvatnet), Kaland i aust og Almeland i nordaust.
Kjelder
endre- Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.
- Bergenskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.