Smørholmen
63°00′41″N 07°16′55″E / 63.01139°N 7.28194°E
Smørholmen | |||
øy | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Hustadvika kommune | ||
Høgaste punkt | 25 moh. | ||
Folketal | 0 | ||
Smørholmen 63°00′42″N 7°16′59″E / 63.01176°N 7.28317°E |
Smørholmen eller Steinøya er ei øy i Hustadvika kommune. Øya er veglaus og utan fast busetjing. Ho utgjer ein eigen matrikkelgard.
Det er funne ein gravhaug frå bronsealder/jarnalder på Smørholmen. I nyare tid vart holmen seinast busett på 1600-talet, som fiskevær. Det var òg handelsstad her, og ei tid losstasjon. På midten av 1900-talet var det ei stund snakk om å byggja bru frå fastlandet til Smørholmen, men då det vart klart at brua ikkje ville koma, flytta dei fleste frå øya på 1960-talet, og tidleg på 1970-talet vart holmen heilt fråflytta.[1] Smørholmen taremottak på holmen tek imot tare frå taretrålarar.
Folketalsutvikling
endre1801[2] | 1900[3] | 2000 |
---|---|---|
21 | 55 | 0 |
Smørholmen var del av Kvernes kommune fram til 1897, så Kornstad kommune fram til 1964 og Eide kommune fram til Hustadvika kommune vart oppretta i 2020.
Kjelder
endre- ↑ «En alen til vår fattigdom». Fiskeribladet. 21. desember 1971.
- ↑ Folketeljing 1801 for Kvernes prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Kornstad herred, frå Digitalarkivet