Opna hovudmenyen

Snåsa kommune

kommune i Trøndelag

Snåsa (sørsamisk: Snåase) er ein kommune i Trøndelag fylke som grensar til Steikjer, Verdal, Lierne, Grong og Overhalla. Han ligg nær det geografiske midtpunktet i Noreg.

Snåsa kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Snåsa
Areal 2 343 km²
 - land 2 160 km²
 - vatn 183 km²
Folketal 2 094 (1. januar 2018)
Folketettleik 1 / km²
Norsk målform nøytral
Samisk språk sørsamisk
Ordførar Tone Våg (Ap)
Kommunenr. 5041
NO 5041 Snåsa.svg
Wikimedia Commons: Snåsa
Nettstad: www.snasa.kommune.no

Han er eit kjerneområde for sørsamisk, og 3-4 % av innbyggjarane står i Samemanntalet. Snåsa vedtok i september 2004 å ha både norsk og sørsamisk som administrasjonsspråk, og 1. januar 2008 vart kommunen, som den første i sørsamisk område, innlemma i Samisk språkforvaltingsområde, og dermed offisielt tospråkleg.[1]

Innhaldsliste

NaturEndra

Sentrum ligg ved den nordaustre enden av Snåsavatnet, som er den sjette største innsjøen i Noreg. Det er eit av over 2 500 fiskevatn som finst i kommunen. Nesten halvparten av kommunen er lagt ut som nasjonalpark. Snåsa er den nordlegaste staden i Noreg for fleire planteartar, som svart-or, fruesko og myrkongle.

Orkideen marisko er avbilda i kommunevåpenet.

NæringEndra

Næringslivet i Snåsa er i stor grad landbruk, med industri utvikla med utgangspunkt i naturprodukt i kommunen, som tømmer og stein.

Kommunen er eit trafikknutepunkt som både Europaveg 6 og Nordlandsbanen går gjennom.

Verd å vitjaEndra

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra