Snøballkrig

Snøballkrig er ei form for leikeslåsting ved hjelp av snøballar. Snøballkrig er ein tradisjonell leik blant ungar og ungdom, men blir ofte forbode fordi grus, is og stein i snøballane kan føra til alvorlege skader.

Ein snøball treff blink.
Foto: Jerry Daykin

HistorieEndra

 
Veggmåleri av ein snøballkrig frå om lag 1400.

Snøballkrig er kjent frå fleire mellomalderskildringar. Bilete av slik leik kunne brukast til å illustrera vintertid i kalenderar og liknande.[1] Folk av høg byrd kunne godt mora seg med snøballkasting. Det finst mellom anna ei forteljing om kong Frans I av Frankrike som saman med hoffolk prøvde å innta eit hus ved hjelp av snøballar.[2]

Store snøballkrigarEndra

Vilniusbuar i hundretal samlar seg årleg til snøballkrig under feiringa av užgavėnės, ei litauisk karnevalshøgtid med heidenske røter.[3]

Under den amerikanske borgarkrigen fann ein ovstor snøballkrig stad blant soldatar i hæren for Nord-Virginia. Den 29. januar 1863, etter eit kraftig snøfall ved Rappahannock-elva, byrja texanske soldatar å kriga mot kvarandre, før krigarane slo seg saman om åtak på andre grupper for moro skuld. Kampen utarta seg til eit snøkaos der 9 000 menn skal ha vore med. Bråket frå slostinga førte til at nordstatsstyrkene på andre sida av Rappahannock-elva frykta eit åtak, og førte til mange små og to alvorlege skader. Kort tid etter hendinga forbaud generalløytnant James Longstreet soldatane i hæren å kasta snøball.[4]

Verdas største dokumenterte snøballkrig blei halden 10. februar 2006 av 3 745 deltakarar ved Michigan Technological University.[5]

MeisterskapEndra

«Yukigassen» (japansk for 'snøballkrig') er ein meisterskap i snøballkrig som blei starta i Japan. Det er blitt halde turneringar i Japan, Finland, Noreg og Australia.

Snøballkrig i kulturenEndra

Teikneseriefigurane Tommy og Tigern er i mange historier innblanda i snøballkrigar, til dømes mot kvarandre eller mot Tommy sin erkefiende Marianne.

Dokumentarserien Snøballkrigen, send januar 2011 på NRK, portretterte ein årleg Snøballkrig-festival i Vardø i Finnmark, menneska rundt og byen.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Snøballkrig