Snegurotsjka

Snegurotsjka, på russisk Снегурочка, norsk 'Snøjenta', er i russisk jule- og nyttårstradisjon medhjelparen til Ded Moroz - 'Bestefar Frost'.[1] Ho er barnebarnet til Ded Moroz, og skulle i dei sovjetiske åra fyrst og fremst bli knytt til nyttår, sidan jula som kristen høgtid ikkje skulle feirast i det kommunistiske samfunnet.[2] Snegurotsjka vert oftast framstilt som kledd i ein lang, vakker og sølvkvit eller blåkvit vinterkappe av pels; i nyare tid av og til i ein vinteroverall i same farge.

Snegurotsjka, måleri frå 1899 av Viktor Vasnetsov.
Julekort frå før 1917

Snegurotsjka vart stadig vanlegare i russiske eventyr på 1800-talet og var populær i denne seinare delen av tsartidas Russlands år, og kan ikkje daterast til eldre slavisk mytologi.

KjelderEndra

  1. Hans Henrik Fafner (15. desember 2011). «Fanns det jultomtar i Sovjetunionen?» (på svenska). Världens historia. Henta 18. desember 2014. 
  2. «Farfar Frost ger barnen i Ryssland presenter» (på svensk). Sveriges Radio. 31. desember 2012. Henta 18. desember 2014. 

LitteraturEndra

  • Märchen der russischen Schriftsteller. Verlag Prawda, Moskau 1985, Übersetzung aus dem Russischen: Oksana Fedotowa, 2005
  • Russische Märchen. Königsfurt-Verlag 2006, Übersetzung aus dem Russischen: Sigrid Früh, Paul Walch (enthält die Version nach Chudjakow)