Snelleordenen

planteorden
(Omdirigert frå Snelleplantar)
Snelleordenen
Equisetum telmateia
Equisetum telmateia
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karsporeplanter Pteridophyta
Klasse: Bregnar Polypodiopsida
Orden: Snelleordenen Equisetales
Bercht. & J.Presl, 1820

Snelleordenen (Equisetales) er ein orden av fleirårige plantar som høyrer til klassen sneller (Equisetopsida/Sphenopsida) eller bregnar (Polypodiopsida). Han omfattar berre ein nolevande familie, Equisetaceae, som inneheld snelleslekta (Equisetum).

Sneller har karakteristiske ledda stilkar. Blada dannar slirer ved avslutningane på ledda. Nokre artar har også kransar med sidegreiner rett under slirene.

I dag finst det 18 artar av sneller, den einaste overlevande resten av ei stor plantegruppe som dominerte skogane i perm- og karbontida. Desse tidlege snelleplantane vart opp til 30 m høge tre med 1 m stammediameter, og utgjorde eit stort bidrag til noverande steinkolførekomstar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre