Sofienberg kyrkje

kyrkje i Oslo

Sofienberg kyrkje er ei langkyrkje frå 1877 i Oslo kommune. Kyrkja og soknet heitte opphavleg Paulus. I 1880 vart soknet delt. Då skifta kyrkja namn til Petrus, medan Paulus-namnet vart nytta for den andre delen av det gamle soknet og frå 1892 for ei anna kyrkje. Namnet Sofienberg har vore nytta sidan 1962.

Sofienberg kyrkje
Sofienberg kirke
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Prosti Nordre Aker
Sokn Sofienberg
Fellesråd Oslo
Type Langkyrkje
Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan
Teknikk Mur
Material Teglstein
Innvigd 5. oktober 1877
Tårn I sørvest
Klokker O. Olsen & Søn, 1877
Kyrkjegard Lagt ned
Altartavle Otto Sinding, 1879
Orgel Nytt orgel vert bygd av Hermann Eule Orgelbau og kyrkja er stengd nokre veker hausten 2013[1]
Sitjeplassar 600
Diverse Glasmåleri av Enevold Thømt (1916 og 1920) og Maria Vigeland (1951)
Kart
Sofienberg kyrkje
59°55′21″N 10°45′58″E / 59.92254889°N 10.76608694°E / 59.92254889; 10.76608694
Wikimedia Commons: Sofienberg kirke

Det var kyrkjegard i Sofienbergparken før kyrkja vart bygd, men han vart lagt ned trinnvis tidleg på 1900-talet. I dag er berre den jødiske kyrkjegarden att. Han ligg nord for kyrkja og er freda, men har ikkje vorte nytta på mange år.

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre