Sofus Arctander
Sofus Anton Birger Arctander (22. januar 1845–11. august 1924)[note 1][1][2] var ein norsk politikar, lærar og sorenskrivar. Nils Arctander var bror hans.
Sofus Arctander | |
Sofus Arctander
Foto: R. Ovesen / Oslo Museum | |
Fødd | 22. januar 1845 |
---|---|
Død | 20. august 1924 |
Parti | Venstre og Frisindede Venstre |
1. verv | Ordførar i Hadsel |
- periode | 1875–1879 |
2. verv | Indreminister |
- periode | 26. juni 1884–17. februar 1888 |
- regjering | Regjeringa Sverdrup |
- etterfylgjar | Walter Scott Dahl |
3. verv | Handelsminister |
- periode | 11. mars 1905–38. oktober 1907 |
- regjering | Regjeringa Michelsen |
4. verv | Handelsminister |
- periode | 28. oktober 1907–19. mars 1908 |
- regjering | Regjeringa Løvland |
- etterfylgjar | Lars Abrahamsen |
5. verv | Handelsminister |
- periode | 2. februar 1910–11. juni 1910 |
- regjering | Regjeringa Konow |
- etterfylgjar | Bernhard Brænne |
Wikimedia Commons: Sofus Arctander | |
Som politikar representerte han partiet Venstre på Stortinget i fleire periodar. Han arbeidde som fullmektig og sorenskrivar i Lofoten. Han var ordførar i Hadsel 1875–1878, frå 1879 var han stortingsmann.[2]
Arctander var indreminister i Johan Sverdrups regjering (1884–88) og handelsminister i Christian Michelsens regjering frå 1905, frå 31. august til 23. september 1905 var han konstituert statsminister. Han var handelsminister i Regjeringa Løvland 28. oktober 1907–19. mars 1908 og i Regjeringa Konow 2. februar 1910–11. juni 1910.[2] Andre verv han hadde var borgarmeister i Bergen, tollskrivar i Oslo og president i Odelstinget.
Han var aktiv i Nordlendingenes Forening. I 1912 fekk han Petter Dass-medaljen.
Arctander vart 1. juli 1887 utnemnd til kommandør av 1. klasse av St. Olavs Orden «for fortjenstfuld embedsvirksomhed».
KjelderEndra
- ↑ «Sofus Arctander». Lokalhistoriewiki. Henta 3. juli 2017.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Sofus Arctander». Regjeringa.no. Henta 3. juli 2017.
- Biografisk informasjon om Sofus Arctander NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
FotnotarEndra
- ↑ Arctander døydde på Lifjell i Telemark ein dag i august 1924. Ein kjenner ikkje datoen, da han hadde vore sakna nokre dagar da han vart funne død. Hos Lokalhistoriewiki går det fram at han forsvann 11. august og vart funne død 16. august. I artikkelen er det referanse til ein artikkel i Aftenposten frå 16. august 1924.