Egilssoga eller Egils saga er ei islandsk ættesoge, eller ei islendingesoge. Andre namn på soga er «Egils saga Skalla-Grímssonar» og «Egla». Hovudpersonen i Egilssoga er hovdingen og skalden Egil Skallagrimson, som levde på 900-talet. Egilssoga fylgjer Egil gjennom livet. I tillegg møter ein ei heil rekke med personar som anten er i slekt med Egil eller som han møter i strid eller venskap. Kring 400 personar er omtala i Egilssoga. Mange av desse er med av di det er viktig kven folk slektar på, eller er i ætt med.

Egill Skallagrímsson

Snorre Sturlason skal om lag år 1230 ha skrive ned Egilssoga. Egilssoga er rekna som ei av dei beste sogene, og er òg ei av dei lengste. Men om ein skal legga dagens moral til grunn hadde Egil Skallagrimsson eit lite vinnande vesen; han drap folk i tylftevis, reiv ut det eine auga på ein han ikkje lika, drakk seg så full i eit gjestebod at han spydde i andletet på verten, osb. Den islandske skalden Haldor Laxness hadde så lite sympati for han at han i Egil Skallagrimson og fjernsynet [1] skreiv at han vona at Egilssoga er «løgn frå ende til annan».

Kjelder endre

  1. Haldor Laxness, Egil Skallagrimson og fjernsynet, Tidens norske forlag, 1968.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Egilssoga