Soga om Ramnkjell Frøysgode

islendingesaga

Soga om Ramnkjell Frøysgode (Norrønt Hrafnkels saga Freysgoða, eller Hrafnkatla)[1] er ei stutt islendingesoge, nedskreven på slutten av 1200-talet. Soga går føre seg på nord-aust-Island, tidleg på 900-talet, ikkje så lengje etter landnåmstida. Med unnatak av Njålssoga er Ramnkjellsoga rekna som den beste islendingesoga, sett frå ein litterær ståstad.[treng kjelde]

Fyrste sida frå eit av dei viktigaste Ramnkjell-manuskripta, AM 156 fol, frå 1600-talet.

Handling endre

Soga handlar om høvdingen Ramnkjell, som har lova å skjema hesten Frøyfakse som er vigt til Frøy. Han har forbode drengane sine å ri på Frøyfakse, og då ein av drengane hans, Einar, likevel gjer det ser han seg nøydd til å drepa Einar, som er son til ein av naboane hans, Såm. For dette vert han dømd fredlaus på tinget. Men på grunn av at han er hovding og har stor makt bryr han seg ikkje om dette og fer heim til garden sin. Ei tid etter dette får Såm hjelp av frendane sine til å fanga Ramnkjell medan han ligg og søv. Frendane til Såm rår han til å drepa Ramnkjell medan han har høve til det. Såm gjev likevel Ramnkjell grid, men tek over garden og høvdingmakta hans. Dette føre til at Ramnkjell seinare kan ta hemn, slik at Såm mister makt og ære. Ramnkjell fangar Såm på garden hans medan han søv, og seier til han [1]:

«No, Såm, er du komen i ei stode som du snautt hadde venta deg for tid sidan, at eg no har makt over livet ditt. Men eg skal ikkje vera mindre til mann mot deg enn du var mot meg. Eg skal by deg to vilkår: anten å bli drepen, eller òg at eg åleine skal rå og døma mellom oss»

Såm vel livet og han gjer ikkje opprør mot Ramnkjell etter dette.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Soga om Ramnkjell Frøysgode, Det norske samlaget, 10. oppl. 2011.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Soga om Ramnkjell Frøysgode