Sogn Fruktrute er eit nettverk i Sogn av 12 aktørar som driv i skjeringspunktet mellom frukt-/bærproduksjon og turisme.[1] Nettverket er eitt av fleire prosjekt som er finansiert gjennom programmet «Frukt og bær rundt neste sving».[2] Programmet gjeld for dei fire vestlandsfylka og blir administrert av Fylkesmannen. Løyving kan bli gitt til tiltak der ein nyttar frukt, bær og kulturlandskap som grunnlag for opplevingar, eller tiltak som aukar tilgjenge av frukt og bær som mat- og smaksopplevingar.[3]

Sogn Fruktrute starta på initiativ frå Ciderhuset i 2008 med eit forprosjekt for å kartleggja interessa for eit nettverk mellom ulike reiselivstilbydarar. Målsetjinga var å byggja vidare på frukt- og reiselivstradisjonen i Sogn og auka deltakarane si evne til formidling overfor reisande. Dei som i dag er med i nettverket er med, rekna frå inst til ytst i fjorden, er: Urnes Gard i Luster, Vetlekroken Gard i Luster, Safthuset Sørheim - Lerum, Sandvik camping i Gaupne, Amble gardKaupanger, Midt-Ljøsne i Lærdal, Blåflat gard i Lærdal, Henjatunet Eggjagarden ASLeikanger, Balholm AS i Balestrand, Ciderhuset i Balestrand og Ostebaren-Tine i Vik.

I reiselivssamanheng har Sogn mange attraksjonar, og området er kjent for mellom anna Sognefjorden, Jostedalsbreen, dei ville fjella, stavkyrkjene og Flåmsbana. Mange turistar, både norske og utanlandske, kjem hit for å oppleva dette landskapet. Sogn er også eit tradisjonsrikt frukt- og bærområde. I løpet av det siste 10-året har det vakse fram mange interessante opplevingstilbod med eit stort utval av produkt. I Sogn Fruktrute er det samla tilbydarar som har alt frå friske morellar, bringebær, plommer, eple og pærer – til ulike typar foredla produkt sosyltetøy]], nedlagde plommer, saft, juice, fruktvin, eplecider og fruktbrennevin. Det er også guida turar, servering og overnatting hos ein del av tilbydarane.[4] Ambisjonen for Sogn fruktrute er å samla Sogn til «eitt fruktrike», og på ein profesjonell måte utnytta det potensialet som frukt og bær har i reiselivssamanheng.

Historie endre

Kombinasjonen frukt og turisme er ikkje noko nytt fenomen i Sogn. Frå tidleg på 1900-talet var det vanleg med sal av «korgabær» til turistane, og dei store turisthotella vart tidleg ein viktige marknad for bærdyrkarane.[5]

Sogn som fruktområde har røter heilt tilbake til Sverresoga. Sokneprest Olavsson, som i si tid skreiv om fruktdyrking i Hardanger og Sogn i eldre tid, meinte at det første vitnesbyrdet om fruktdyrking i landet er frå år 1201 i Sogn.[6] Seinare er «æpplagard» nemnt i Bergen Kalvskind frå 1330[7], og andre kjelder fortel om utplanting framover på 1600-talet. På 1700- og 1800-talet er kjeldene meir omfattande, også dei meir lødige historane og anekdotane.

I dag er Sogn landets viktigaste bringebærområde,[8][9] det er området med flest økologiske fruktdyrkarar[10] og samstundes eit av dei største på morelldyrking.[11] Eit anna særtrekk er konservesindustrien som starta med Drægni og Lerum og i dag blir vidareutvikla gjennom Tine, Balholm og ei rekke andre og mindre aktørar.[12] Tradisjon og mangfald er to viktig kjenneteikn ved Sogn.

Kjelder endre

  1. http://www.sognfruktrute.no/Sogn_Fruktrute/Medlemsbedrifter.html[daud lenkje]
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 16. februar 2016, henta 1. september 2011 
  3. http://www.fylkesmannen.no/hoved.aspx?m=44654
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 18. september 2011, henta 1. september 2011 
  5. Urtegaard, Gunnar: Balestrand bind 2. (Balestrand, 1991. Balestrand kommune)
  6. arkivkopi, arkivert frå originalen 1. februar 2014, henta 1. september 2011 
  7. Bergen kalvskind 1330
  8. http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article595514.ece
  9. http://www.regjeringen.no/mobil/nb/dep/lmd/aktuelt/nyheter/2011/mai-11/bringebar-i-veksthus-gir-avlingsrekord-.html?id=644082
  10. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 20. april 2013, henta 1. september 2011 
  11. arkivkopi, arkivert frå originalen 28. juli 2009, henta 1. september 2011 
  12. http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/B%C3%A6rdyrking_vert_n%C3%A6ringsveg

Bakgrunnsstoff endre

Nettsidene til medlemmer frå inst til ytst i fjorden: