Sogn og Fjordane Folkemusikklag

Sogn og Fjordane Folkemusikklag arbeider for folkemusikktradisjonane i Sogn og Fjordane. Formålet er å ta vare på og vidareformidle folkemusikktradisjonane i fylket gjennom å auke kunnskapen om, kjennskapen til og interessa for tradisjonelt spel, song og dans. Sogn og Fjordane Folkemusikklag har 19 medlemslag. Anna kvart år deler Sogn og Fjordane Folkemusikklag ut Folkemusikkprisen til ein person, eit lag, eller ein institusjon som har gjort særleg mykje for folkemusikken. Sogn og Fjordane Folkemusikklag er knytt til Folkemusikk- og Folkedansorganisasjonen i Noreg (FolkOrg). Folkemusikklaget står bak ei rekkje tiltak og arrangement på regionalt nivå, mellom anna Mokurset og Smørbukk-kappleiken. Kvart år skipar Sogn og Fjordane Folkemusikklag til Fylkeskappleik saman med ein lokal arrangør.

Bakgrunnsstoff

endre