Sol Campbell

britisk fotballspelar

Sulzeer Jeremiah Campbell, kjend som Sol Campbell, (fødd 18. september 1974) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå London. Han var midtstoppar i klubbar som Tottenham Hotspur, Arsenal FC og Portsmouth FC. Perioden 1996-2008 deltok han i 73 landskampar for England.

Sol Campbell


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 18. september 1974 (49 år)
Plaistow
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 2006, VM i fotball 2002, VM i fotball 1998, EM i fotball 2004, EM i fotball 1996, EM i fotball 2000

Karriere endre

Klubbspel endre

Campbell debuterte for Tottenham i desember 1992, men det tok to år før han fekk fast plass i fyrsteellevaren. Sidan vart han ein nøkkelspelar i laget, kaptein då det vart siger mot Leicester City i ligacupfinalen 1999. Norske Steffen Iversen var då ein av lagkameratane hans.

Sommaren 2001 valde Campbell å skriv ny arbeidskontrakt med argaste byrivalen til Tottenham, Arsenal FC. Arsenal var då inne i ei suksessrik tid som Campbell ytte sitt til vart lengd. Såleis vart han så vel ligameister som vinnar av FA-cupen i 2002, året etter forsvarte laget triumfen FA-cupen. I 2004 vann Arsenal og Campbell ligaen på ny, medan det våren 2005 kom på plass enno ein FA-pokal i Arsenal-hyllla. Etter å ha vore plaga med skadar i 2005/6-sesongen, fekk Campbell sjansen til å toppe si tid som Arsenal-spelar. Under finalen 2006 i meisterligaen mot FC Barcelona gav han Arsenal leiinga 1–0, men måtte sjå at det spanske storlaget snudde til siger 2–1.

Sommaren 2006 gjekk turen til Portsmouth FC. Her var Campbell kaptein då klubben vann FA-cupfinalen 2008 gjennom å slå Cardiff City. Perioden 2009-11 var han benkeslitar i tre ulike klubbar.

Landslagsspel endre

Campbell sin landslagsdebut kom 18. mai 1996 mot Ungarn. Han fekk plass i troppa til europameisterskapen på heimebane, spelte færre enn ti minutt i turneringa som innbytar i oppgjeret mot Skottland. Dei neste åra var Campbell ein gjengangar på landslaget. Perioden 1998 til 2006 deltok han i samtlege tre verdsmeisterskap og to europameisterskap. Hans einaste landskampsmål kom då England og Sverige spelte uavgjort 1–1 i VM i fotball 2002. Under verdsmeisterskapen 2006 var Campbell innbytar i ein einaste kamp, også då stod Sverige på motsett banehalvdel. Campbell spelte sin siste landskamp 21. november 2007, ein EM-kvalifiseringskamp på Wembley stadion som enda med tap mot Kroatia.

Merittar endre

  • Ligameister: 2002 og 2004 for Arsenal FC
  • Vinnar av FA-cupen: 1999 for Tottenham, 2001, 2003, 2005 for Arsenal FC og 2008 for Portsmouth FC
  • Tapande finalist i meisterligaen: 2006 for Arsenal FC

Kjelder endre


  Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.