Sola kyrkje

kyrkje i Solakrossen

Sola kyrkje er ei krossforma murkyrkje i Sola kommune i Rogaland. Grunnstein ble lagd ned 1. september 2019,[1] og kyrkja vart innvigd 18. oktober 2020.[2] Kyrkja erstatta ei kyrkje frå 1955 som no vert titulert som Sola kapell.

Sola kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Tungenes
Sokn Sola
Fellesråd Sola
Type Krosskyrkje
Arkitekt JAJA Architects ApS og Brandsberg-Dahls Arkitektkontor AS
Teknikk Mur
Material Betong og tre
Innvigd 18. oktober 2022
Tårn Frittståande støpul
Kyrkjegard Ved kapellet (gamlekyrkja)
Døypefont Frå 1280–1300, i kleberstein
Sitjeplassar 460
Kart
Sola kyrkje
58°53′20″N 5°38′53″E / 58.88886°N 5.647997°E / 58.88886; 5.647997

Sola kyrkje vart teikna av JAJA Architects ApS og Brandsberg-Dahls Arkitektkontor AS. Det er 460 sitjeplassar i kyrkjesalen.[3]

Kunstnerisk utsmykking og liturgiske møbel er ved Marie Buskov.[4] Døypefonten i kleberstein er frå 1200-talet og er overført frå tidlegare kyrkjer.[5] Kyrkja har digitalt orgel og dessutan eit flygel.[3]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Sola kyrkjelyd om grunnsteinsnedlegginga
  2. I dag vigsles nye Sola kirke (Stavanger Aftenblad, 18. oktober 2020)
  3. 3,0 3,1 Sola kyrkjelyd: Sola kirke – Fakta
  4. Sola kyrkjelyd: Kunst og liturgiske møbler i Sola kirke
  5. Sola kyrkjelyd: Døpefonten i Sola kirke