Ei solformørking hender når månen passerer mellom sola og jorda slik at solskiva blir heilt dekt (total formørking) eller delvis dekt av månen. Total solformørking blir rekna som eit svært spektakulært naturfenomen.

Bilde tatt frå Frankrike under den totale solformørkinga i 1999
Animasjon av solformørkinga 29. mars 2006

Typar solformørkingar endre

Det finst fire typar solformørkingar.

  • Total formørking skjer når sola er totalt dekt av månen. Den intenst lyse solskiva blir skugga av den mørke usynlege måneskiva. Koronaen til sola som elles er alt for svak til å kunne bli sett, blir nå synleg som ein lysande ring. Totaliteten er berre synleg frå ein svært smal stripe på jordoverflata.
  • Ringforma formørking (annulær) skjer tilsvarande ei total formørking når sola og månen er eksakt på linje sett frå jorda, men nå er månen er for langt vekk frå jorda til å dekke heile solskiva. Da vil ein sjå ytterkanten av sola som ein svært lyssterk ring rundt månen.
  • Hybrid formørking er ein mellomting mellom ei total og ei ringforma formørking. På enkelte stader vil den vera total, mens på andre steder vil den vera ringforma.
  • Delvis formørking skjer når sola og månen ikkje er heilt presis på linje. Månen vil da berre delvis skygge for sola. Dette er det som ein kan sjå under alle dei tre andre typane formørking på stader som ligg utanfor sentrallinja. Dette kan også skje når sentrallinja ikkje treffer jorda i det heile tatt.

Ved ein tilfeldigheit ligg sola ca. 400 gonger lengre vekk frå jorda enn månen og har ca. 400 gonger større diameter. Sett frå jorda ser dei difor ut til å vera like store (ca. 1/2 grad utstrekking på himmelen). Det er dette som som gjer at totale solformørkingar kan bli sett frå jorda, men at dei samtidig er så sjeldne at dei berre skjer omtrent ein gong i året.

Grunnen til at somme formørkingar er ringforma og andre er totale er at månen går i ein elliptisk bane rundt jorda. Dette gjer at månen somme gonger er lengre vekk og andre gonger er nærare. Når månen har stor avstand til jorda dekker han ein mindre del av himmelen, og vil ikkje vera stor nok til å dekke hele solskiva. Det er litt fleire ringforma formørkingar enn totale fordi middelavstanden månen-jorda er litt for stor til å danne ei total formørking.

Observasjon av ei solformørking endre

Det å sjå direkte på fotosfæren til sola (den lysande skiva, med andre ord å sjå direkte på sola) er farleg for synet, sjølv om det skjer berre i få sekund. Det kan skade retinaen til auget permanent og dermed skade synet. Det er mogleg å miste synet heilt på grunn av dette. Retinaen er ikkje kjenslevar for smerte, og det vil derfor ikkje vera noko smerte som gir varsel om skaden som skjer.

Sjå også endre

Bakgrunnsstoff endre