For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Solo (fleirtyding).

Solo (italiensk for ‘åleine’) er ei sjølvstendig framføring innan musikk.[1] Det kan visa til eit stykke, ei framføring eller ein artist. Ein person som opptrer åleine kan ein kalla solist.[2] Artistar som opptrer for seg sjølv i staden for med ei musikkgruppe kan ein kalla soloartistar, eller ein kan seia at dei gjer solokarriere.

Solodans innan den indiske danseforma kathak.
Leo Bei speler bassolo i 2019.

Eit solo musikkstykke kan framførast med eller utan akkompagnement.[3][4] I tillegg til musikk kan ein også bruka omgrepet om soloteater[5] og solodans.

Solo i klassisk musikk endre

Det er blitt skrive verk for soloinstrument med eller utan akkompagnement i alle periodar av vestleg musikkhistorie sidan renessansen. Nokre av desse er blitt skrivne av eller for virtuosar for å syna fram dei tekniske ferdigheitene deira til publikum, eller for å utforska den tekniske kapasiteten til eit instrument. Soloverk kan også vera laga for undervisingsføremål.

Sidan barokken har ein kalla verk for ein eller fleire solistar med orkesterakkompagnement for konsert eller solokonsert. Sonate er ei anna form for musikkverk som ofte er skriven for soloinstrument.[6]

Motsatsen til soloparti blir kalla tutti, der alle instrumenta i eit orkester eller ei stemme speler.

Solo i populærmusikk endre

Innan jazz og populærmusikk omfattar solo ein instrumental del spelt av eit instrument, ofte improvisert. Ein improvisasjonssolo er ein del der den opphavlege melodien blir variert eller erstatta av raske sekvensar av tonar frå til dømes bluesskalaen eller modale skalaer som byggjer på akkordane i stykket, men ikkje treng danna ein melodi. Soloen blir utført på eit enkeltinstrument, ofte elgitar, keyboard eller eit blåseinstrument, og blir ved visse høve teken over av eit anna instrument. Det finst også trommesoloar og bassoloar.

Kjelder endre

  1. «Solo». Musikkordboken. 
  2. «solist» i Nynorskordboka.
  3. «solo». Store norske leksikon (på norsk). 30. juni 2014. 
  4. Kennedy, Michael KennedyMichael; Bourne, Joyce BourneJoyce (21. mai 2013). Bourne, Joyce, red. «Solo» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 9780199578108. doi:10.1093/acref/9780199578108.001.0001/acref-9780199578108-e-8503. 
  5. Bordman, Gerald; Hischak, Thomas S. (2004). «Solo Performances» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 9780195169867. doi:10.1093/acref/9780195169867.001.0001/acref-9780195169867-e-2878. 
  6. David Fuller, «Solo», The New Grove Dictionary of Music and Musicians, 2. utg., red. Stanley Sadie og John Tyrrell (London: Macmillan Publishers, 2001).