Solomon's Seal
Studioalbum av Pentangle
Utgjeve September 1972
Sjanger Folk, folkrock[1]
Lengd 33:58
Selskap Reprise
Produsent Pentangle & John Wood
Pentangle-kronologi
Reflection
(1971)
Solomon's Seal History Book
(1972)


Solomon's Seal var eit album frå 1972 av det britiske folkrockbandet Pentangle: Terry Cox, Bert Jansch, Jacqui McShee, John Renbourn og Danny Thompson. Det var det siste albumet deira med den originale Pentangle-besetninga, før bandet vart oppløyst i 1973. Jacqui McShee har sagt at det er hennar favorittalbum av bandet.[2]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]

Solomon's Seal vart spelt inn i Sound Techniques studio, London, mellom februar og mars 1972. Kontrakten til Pentangle med Transatlantic hadde gått ut, og midt under ein krangel med Transatlantic om honorar, byta bandet til Warner/Reprise, som hadde vore distributøren deira i USA. Albumet kom ut i september 1972, samstundes med at bandet la ut på ein ny turne. I starten av 1973 vart bandet lagt ned og plata selde skuffande, og bandmedlemmene måtte betale gjelda etter innspelinga til ut i 1980-åra.[3]

Albumet opnar med versjonen deira av Cyril Tawney-songen om den tapte kjærleiken til ein sjømann: «Sally Free and Easy». I motsetnad til den vanlege sjantiutgåva, handsamar Pentangel songen som ein langsam blues. Resten av albumet er delt mellom tradisjonelle songar og deira eigne komposisjonar.

InnhaldEndra

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Sally Free And Easy»  Cyril Tawney 03:55
2. «The Cherry Tree Carol»  Trad. arr. Jansch, Renbourn, Thompson, Cox, McShee 02:57
3. «The Snows»  Jansch, Renbourn, Thompson, Cox, McShee 03:43
4. «High Germany»  Trad. arr. Jansch, Renbourn, Thompson, Cox, McShee 03:15
5. «People On The Highway»  Jansch, Renbourn, Thompson, Cox, McShee 04:46
6. «Willy O' Winsbury»  Trad. arr. Jansch, Renbourn, Thompson, Cox, McShee 06:50
7. «No Love Is Sorrow»  Jansch, Renbourn, Thompson, Cox, McShee 02:41
8. «Jump Baby Jump»  Jansch, Renbourn, Thompson, Cox, McShee 03:10
9. «Lady Of Carlisle»  Trad. arr. Jansch, Renbourn, Thompson, Cox, McShee 04:41

Merk at «The Snows» står oppført som ein Pentangel-song, men er i røynda ein tradisjonell song.

MedverkandeEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Solomon's SealAllmusic
  2. Harper, Colin (2006). Dazzling Stranger: Bert Jansch and the British Folk and Blues Revival (2006 edition). Bloomsbury. s. 237. ISBN 0-7475-8725-6. 
  3. Harper s.268