Solsbury Hill av Peter Gabriel

Sang av den engelske singer-songwriteren og rockemusikeren Peter Gabriel (1977)
Solsbury Hill
Singel av Peter Gabriel
frå albumet Peter Gabriel
B-side

«Moribund the Burgermeister»

Språk engelsk
Utgjeve 1977 (UK)
Innspelt 1976
Sjanger Folkrock, progressiv rock
Lengd 4:21
Selskap Atco Records / Charisma Records
Komponist Peter Gabriel
Tekstforfattar Peter Gabriel
Produsent Bob Ezrin
Peter Gabriel-kronologi 
- Solsbury Hill «Modern Love»
(1977)


«Solsbury Hill» er ein song av den engelske musikaren Peter Gabriel, om ei spirituell oppleving på toppen av Solsbury Hill i Somerset i England. Gabriel skreiv songen etter at han slutta i det progressive rockebandet Genesis, der han hadde vore frontmann og songar sidan starten av bandet. Trass i det uttrykksfulle og reine synet på toppen av Solsbury Hill, var det nokre ambivalente kjensler med å vere fri eller å gå solo: «And liberty she pirouette when I think that I am free.» Det var debutsingelen hans. Singelen nådde Topp 20 i Storbritannia og Topp 70 på Billboard Hot 100 i USA.

Songen har vorte nytta i mange filmar, som til dømes Vanilla Sky frå 2001,[1] og In Good Company frå 2004.[2] Songen er òg spelt inn av mange andre artistar, som moe., Dave Matthews, Erasure, Sarah McLachlan, Saga og Justin Hines.

Songen går i ein 7/4-takt gjennom det meste av songen. Dei to siste taktane i kvart refreng er i 4/4.

Innhald endre

7" UK single (1977) endre

  1. «Solsbury Hill» – (3:24)
  2. «Moribund The Burgermeister» – (4:17)

7" «Old Gold» single (1982) endre

  1. «Solsbury Hill» - (3:26)
  2. «Games Without Frontiers» - (3:50)

UK maxi-single (1983, 1988) endre

  1. «Solsbury Hill» – (3:24)
  2. «Moribund The Burgermeister» – (4:17)
  3. «Solsbury Hill (Full Length Live Version)» – (4:45)

7" European single (1990 re-issue) endre

  1. «Solsbury Hill» – (4:24)
  2. «Shaking The Tree» – (5:06)

12" UK single (1990 re-issue) endre

  1. «Solsbury Hill» – (4:22)
  2. «Shaking The Tree» – (5:06)
  3. «Games Without Frontiers (Live)» - (6:06)
Solsbury Hill (Live)
Singel av Peter Gabriel
frå albumet Plays Live
B-side

«Kiss Of Life» (Live)

Språk engelsk
Utgjeve 1983
Sjanger Folkrock, progressiv rock
Lengd 4:41
Selskap Geffen Records / Charisma Records
Komponist Peter Gabriel
Tekstforfattar Peter Gabriel

Konsertversjon endre

7" US single (1983) endre

  1. «Solsbury Hill (Live)» - (3:58)
  2. «I Go Swimming (Live)» - (4:29)

7" nederlandsk singel (1983) endre

  1. «Solsbury Hill (Live)» - (4:41)
  2. «Kiss Of Life (Live)» - (5:01)

7" US single (1983) endre

  1. «Solsbury Hill (Live)» - (3:58)
  2. «Shock The Monkey» - (3:58)
Solsbury Hill
Singel av Erasure
frå albumet Other People's Songs
B-side

«Tell it to Me»
«Searching»
«Ave Maria»

Språk engelsk
Utgjeve 6. januar 2003
Innspelt 2002
Sjanger Synthpop
Lengd 3:57
Selskap Mute
Komponist Peter Gabriel
Tekstforfattar Peter Gabriel
Låtskrivar(ar) Peter Gabriel
Produsent Gareth Jones, Erasure
Erasure-kronologi 
«Moon & the Sky»
(2003)
Solsbury Hill «Make Me Smile (Come Up and See Me)»
(2003)


Erasure-versjonen endre

«Solsbury Hill» vart spelt inn av den britiske synthpopduoen Erasure i 2003 for albumet deira Other People's Songs og han vart gjeven ut som singel i Storbritannia den 6. januar 2003 og i USA seinare same månad. Han nådde 10. plass på lista i Storbritannia. Songen vart gjort om til ein elektronisk dance-song, som var typisk for stilen til Erasure. Den einaste større endringa i strukturen til songen var at han vart omgjort frå 7/4 til 4/4-takt i refrenget.

Andre versjonar endre

Songen er òg spelt inn av Ruby Isle, Dave Matthews & Friends, Kyte, Scala & Kolacny Brothers, Mercury Rev og Sarah McLachlan.

Kjelder endre