Solstråling

(Omdirigert frå Solstråle)

Solstråling er strålingsenergi send ut frå sola, og då særleg elektromagnetisk energi. Om lag halvparten av strålinga er i det synlege kortbølgja området av det elektromagnetiske spekteret. Den andre halvdelen er for det meste i det nær-infraraude området, men det er òg ein mindre del i det ultafiolette området av spekteret. Den delen av den ultrafiolette strålinga som ikkje blir absorbert av atmosfæren kan føre til at menneske blir solbrent og får brunare hud ved å opphalde seg i sola.

Solstrålingsspekteret på toppen av atmosfæren.

Solstråling blir vanlegvis målt med eit pyranometer eller eit pyrheilometer.

Solarkonstanten endre

Solarkonstanten eller solarparameteren er mengda av solinnstråling per areal målt ved yttergrensa av jordatmosfæren i eit plan normalt på solstrålene. Solarkonstanten inneheld alle typar solstråling og ikkje berre det synlege lyset. Den er målt av satellittar til å vere om lag 1366 watt per kvadratmeter (sjølv om den varierer med eit par tusendelar frå dag til dag). Så for heile jorda, med eit tverssnittareal på 127 400 000 km² er krafta frå sola 1,740×1017 W.

Solarkonstanten er relativt konstant, men varierer i samband med solflekkaktivitet. Det påverkar for det meste klimaet på lang sikt, og har ikkje så mykje å seie for det daglege vêret. Den totale mengda stråling som jorda tek imot, er avhengig av tverrsnittet (π R2), men sidan jorda roterer, vert denne energien fordelt over heile overflatearealet (4 π R2). Dermed blir den midla innkommande solstrålinga (kjend som «solinnstråling») ein fjerdedel av solarkonstanten eller om lag 342 W/m². Solstrålinga som ein stad på jorda får, er derimot avhengig av tilstanden til atmosfæren og kva breiddegrad ein finn seg på.

Solarkonstanten er derimot ikkje konstant over lange tidsperiodar, sjå solvariasjon.

Solstrålinga sin effekt på klimavariasjonar endre

 
Solstrålingsspekteret over atmosfæren og ved overflata
 
Solstråler bryt gjennom ei sky i Canberra

På jorda merkar ein solstrålinga som dagslys når sola er over horisonten. Når den direkte solstrålinga ikkje er blokkert av skyer, opplever vi det som solskin, ein kombinasjon av skarpt gult lys og varme. Varmen på kroppen og andre lekamar kjem både av solstrålinga og auken i lufttemperaturen.

Mengda av stråling som ein planet mottar varierer med rota av avstanden mellom sola og planeten. Jorda sin bane rundt sola og hellingsvinkelen endrar seg med tida. Av og til er banen nesten ein perfekt sirkel, og andre gonger har den ein ekksentrisitet på 5 %. Den totale solinnstrålinga er nesten konstant, men årstidsvariasjonen, fordelinga med breiddegraden og intensiteten av solstrålinga ved overflata vil variere.[1] Til dømes kan endringa i solenergien på 65 grader breidde om sommaren og vinteren variere med meir enn 25 % som følgje av slike variasjonar. Fordi sommaren og vinteren har ein tendens til å oppheve kvarandre, vil endringa i den årlege solinnstrålinga ofte vere nær null, men omfordelinga av energi mellom sommer og vinter kan føre til store skilnadar mellom årstidene. Slik endringar er antakelegvis mykje av årsaka til at istider oppstår (sjå Milankotvitch-teorien).

Referansar endre

Fotnotar
  1. Sjå graf over solinnstrålinga dei siste 600 000 år, arkivert frå originalen 12. januar 2012, henta 3. november 2006 

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre