Solstrykarar eller solstreifarar er kometar som passerer særs nær sola, og som gjerne vert øydelagde av passeringa. Solstrykarar kan hjelpa vitskapsfolk med å studera solatmosfæren gjennom måten han verkar inn på kometen. Eitt av dei meir kjende døma på ein solstrykar er kometen C/2011 W3 (Lovejoy), som overlevde ei passering gjennom solkoronaen. Dei fleste solstrykarane høyrer til familien Kreutz-solstrykarar, namnsett etter Heinrich Kreutz som oppdaga familien på slutten av 1880-åra og i 1890-åra.

Solstrykarar kan ha vore observerte so langt attende som år 371 før tidsrekninga, der ein komet observert av Aristoteles og Eforos kan ha vore ein Kreutz-solstrykar. Fram til 1979 var likevel berre ni solstrykarar observerte, og det var med dei rombaserte observatoria at oppdaginga av solstrykarar skaut fart.

Kjelder endre