Opna hovudmenyen

Solveig Aareskjold (fødd 19. juli 1949) er ein norsk forfattar. Ho bur i Sandnes i Rogaland fylke.

Solveig Aareskjold
Fødd 19. juli 1949
Høyland
Yrke skribent

Aareskjold skriv for det meste på nynorsk. Ho tek gjerne opp tema frå norrøn og gresk gudelære og spinn trådar vidare til dagens samfunn. Forfattaren er òg oppteken av kvinnespørsmål. Ho vann Sigmund Skard-stipendet for 1999.[1] Ho fekk Neshornet, Klassekampens kulturpris for 2011.

UtgjevingarEndra

  • Det indre tempel. Roman (Samlaget) 1987
  • Isis og Osiris. Roman (Samlaget) 1989
  • Kvinna på dyret. Roman (Cappelen) 1991
  • Odyssevs reiser stadig heimover. Roman (Cappelen) 1993
  • Kyss meg i diskursen. Essaysamling (Samlaget) 1996
  • Blå bok. (Samlaget) 1997
  • Fallos. Det mangfaldige i det mannlege. (Samlaget) 1997
  • Kunsten å bu i hus. Essaysamling (Samlaget) 1999
  • Englefangst. Roman (Samlaget) 2001
  • Tyrefekting. (Aschehoug) 2004
  • Valkyrjesong : vikingtida i spenn frå Bysants til Island 2012
  • Lesebok for jenter : Frå Horner til The Hunger Games 2014

ReferansarEndra

  1. ««Sigmund Skard-stipendet»». Nettstaden til Bærum Bibliotek. Henta 20. august 2013. 

BakgrunnsstoffEndra