Solveig Kloppen

Solveig Kloppen (fødd 10. juni 1971 i Trondheim) er ein norsk skodespelar og programleiar.

Solveig Kloppen
Solveig Kloppen 2010-09-17 (img01) (cropped).JPG
Fødd 10. juni 1971 (51 år)
Trondheim
Yrke journalist, skodespelar, programleiar
Solveig Kloppen på Commons

BakgrunnEndra

Solveig Kloppen er oppvaksen i Vik i Sogn og på Jessheim på Øvre Romerike. Som russ ved Jessheim vidaregåande skule i 1991 var ho både revysjef, instruktør og artist. Ho har utdanning frå universiteta i Bergen og Oslo, frå Journalisthøgskulen og dessutan frå Fysioterapihøgskulen i Oslo.

VirkeEndra

Solveig Kloppen har tidlegare vore standup-komikar. Ho spelte resepsjonisten Tina i komiserien Bot og bedringTV 2 frå 1996 til 1998 og leidde prateprogrammet MandagsklubbenTVNorge i 2000 og ungdomsprogrammet TriggerNRK saman med Thomas Numme. Sommaren 2003 leidde ho Petres sommermorgen på radiokanalen NRK P3 saman med Annette Walther. Same haust laga ho skjult-kamera-innslag til NRK1 sitt laurdagsunderhaldningsprogram LørDan. Ho spelte lesbiske Marte i den romantiske filmkomedien Kvinnen i mitt liv som vart lansert i 2003 og rollen som Mortimers mor i eventyrfilmen Dragevokterens jul frå 2020.

Solveig Kloppen var programleiar i Idol på TV 2 saman med Ingrid Gjessing i 2004-sesongen og med Kåre Magnus Bergh i 2005 og 2006. For innsatsen i Idol vann ho publikumsprisen under Gullruten 2005. Ho var òg nominert til Gullruten 2008 for innsatsen som programleiar for Hjelpekorpset saman med Helén Vikstvedt. Våren 2011 var ho medprogramleiar i TV 2-serien Svendsen om Hansen og Jensen der ho og Truls Svendsen freista å avkrefta eller stadfesta mytar nordmenn har om kvarandre. Serien vart kåra til beste magasin- eller livsstilsprogram under Gullruten 2011. Seinare var ho programleiar i Ønskedrømmen på TV 2 saman med Øyvind Mund og Carsten Skjelbreid og frå januar 2015 TV2-programmet En kveld hos Kloppen. For programmet vann ho Gullruten 2017 i klassa beste kvinnelege programleiar og var nominert til publikumsprisen under Gullruten 2018.[1][2] Føre Gullruten 2018 vart ho nominert i klassa beste programleiar for Det jeg ikke fikk sagt og til publikumsprisen.[3]

Ho har òg leidd Spellemannprisen to gonger saman med Ivar Christian Johansen (2009 og 2010) og Amandaprisen 2013.

Sidan 2012 har ho vore programleiar for talentkonkurransen Norske Talenter.[4] Den første sesongen ho var programleiar leidd ho sendingane saman med Stian Blipp, men har sidan 2014 vore programleiar åleine.

Kloppen er gift med Dagbladet-journalisten Kjartan Brügger Bjånesøy. Saman har dei to barn.[5]

KjelderEndra

  1. «Rørt Leo vant sin første Gullrute-pris». 12. mai 2017. Henta 14. mai 2017. 
  2. «Gullruten: Stem på din TV-favoritt!». 21. mars 2018. Arkivert frå originalen 2018-05-29. Henta 10. mai 2018. 
  3. «Dette er de nominerte til Gullruten 2019». 5. april 2019. Henta 7. mai 2019. 
  4. AS, TV 2 (13. april 2012). «Møt TV 2s nye programlederduo» (på norsk). Henta 27. oktober 2021. 
  5. Justad, Stig H. «Sov ikke på syv måneder» (på norsk). Henta 27. oktober 2021.