2112
Song av Rush
frå albumet 2112
Utgjeve mars 1976
Innspelt Toronto Sound Studios i Toronto i 1975
Sjanger Progressiv rock, hardrock, heavy metal
Lengd 20:34
Selskap Anthem Records (Canada)
Mercury Records
Produsent Rush & Terry Brown
2112 Overture/The Temples of Syrinx
Singel av Rush
frå albumet 2112
Utgjeve 1976
Innspelt Toronto Sound Studios i Toronto, 1975
Sjanger Progressiv rock, hardrock
Lengd 6:45
Selskap Anthem
Rush-kronologi 
The Twilight Zone"
(1976)
2112 Overture/The Temples of Syrinx "A Passage to Bangkok"
(1977)


2112 er tittelsporet på albumet med same namn frå 1976 av det kanadiske progressiv rock-bandet Rush. Stykket tok opp heile den første sida på den originale vinylutgåva. Oveturen og den første delen, Temples of Syrinx, vart gjeven ut som singel og vert framleis mykje spelt på konsertane til Rush i dag. Science-fiction-lydane i starten av songen vart skapt ved hjelp av ein ARP Odyssey-synthesizer[1] og ein Echoplex-effeckt.[2]

Delar

endre
Del Tittel Starttid (*) Lengd (*)
I Overture 0:00 4:33
II The Temples of Syrinx 4:33 2:12
III Discovery 6:45 3:29
IV Presentation 10:14 3:42
V Oracle: The Dream 13:56 2:00
VI Soliloquy 15:56 2:21
VII Grand Finale 18:17 2:14
Totalt 20:33

Komposisjon

endre

Tekstforfattaren og trommeslagaren Neil Peart nemner Ayn Rand som ein viktig påvekrnad for å skriva songen. Peart har forklart at boka hennar Anthem hadde vore ein viktig påverknad på musikken hans,[3] og sa i eit intervju med Rockline i 1991 :

« The inspiration behind it was . . . It's difficult always to trace those lines because so many things tend to coalesce, and in fact it ended up being quite similar to a book called Anthem by the writer Ayn Rand. But I didn't realize that while I was working on it, and then eventually as the story came together, the parallels became obvious to me and I thought, 'Oh gee, I don't want to be a plagiarist here.' So I did give credit to her writings in the liner notes.[4] »

I Overture

endre

Opninga av songen har science fiction-aktige lydar i byrjinga som blei laga med ein ARP Odyssey-synthesizer og Echoplex tape delay.[5] Denne delen peiker fram til resten av stykket med motiv frå «The Temples of Syrinx», «Presentation», «Oracle: The Dream» og «Soliloquy», i tillegg til ein gitarversjon av 1812-ouverturen av Tsjajkovskij. Den einaste teksten, mot slutten av stykket, er «And the meek shall inherit the Earth», og viser til Sæleprisingane i Det nye testamentet og Salme 37:11.

Kjelder

endre
  1. Bowman, Durrell (2003), Permanent Change:Rush, Musikars‘ Rock, and the Progressive Post-Counterculture (PDF), University of California Los Angeles, s. 110, henta 13. september 2012 
  2. Fielden, Jerry (2000). «The influence of Electronic Music in Rock Music, 1967-76». Henta 13. september 2012. 
  3. See blog reviews on SongMeanings | Lyrics | Rush - 2112
  4. Rush Album Info
  5. Fielden, Jerry (2000). «The influence of Electronic Music in Rock Music, 1967-76». Henta 30. desember 2010.