Opna hovudmenyen

Aladdin Sane (1913-1938-197?)

(Omdirigert frå Songen Aladdin Sane)
Aladdin Sane (1913-1938-197?)
Song av David Bowie
frå albumet Aladdin Sane
Utgjeve 13. april 1973
Innspelt Trident Studios, London
Januar 1973
Sjanger Glamrock, avantgarde jazz, kunstrock, jazzfusion
Lengd 5:08
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Ken Scott, David Bowie

«Aladdin Sane (1913-1938-197?)» er ein song av David Bowie og tittelsporet frå albumet Aladdin Sane frå 1973. Han er skildra av biografiforfattaren David Buckley som den viktigaste på albumet der Bowie flytta seg mot meir eksperimentelle musikkstilar etter suksessen med glamrocken han spelte på gjennombrotet sitt The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars i 1972.[1]

TittelenEndra

Namnet er eit ordspel på «A Lad Insane» («ein galen mann»), og var inspirert av halvbroren til Bowie, Terry, som var schizofren.[2][3][4] Ein tidlegare variant av namnet var «Love Aladdin Vein», som Bowie delvis droppa sidan det kunne assosierast med narkotika. Datoane i parentes viser til åra før den første verdskrigen og den andre verdskrigen, med ein tredje ukjend dato som indikerer den tredje verdskrigen ein eller annan gong i 1970-åra.[5]

Tittelen har vorte skriven på mange forskjellige måtar på dei forskjellige utgåvene av albumet sidan 1973. På den originale vinylutgåva stod det «Aladdin Sane (1913-1938-197?)» etterfølgd av RHMS «Ellinis», namnet på skipet der songen vart skriven. Bowie skreiv bak alle songane på albumet kvar dei var skrivne. I avslutninga på songen kan ein høyre utdrag frå songen «On Broadway», og på samlealbumet Changestwobowie (1981) står songen oppført som «Aladdin Sane (1913-1938-197?)/On Broadway», delvis tilskriven til Mann, Weil, Leiber og Stoller.[6]Rykodisc-utgåva frå 1990 på CD stod det berre «Aladdin Sane», medan seinare CD-utgåver av albumet frå 1919, 2003 og 2013 har hatt tittelen «Aladdin Sane (1913-1938-197?)».

Musikk og tekstEndra

Bowie var redd for å fly så han tok båt heim til Storbritannia etter den første delen av den amerikanske Ziggy Stardust-turneen i midten av desember 1972. Han skreiv «Aladdin Sane» under denne båtreisa han segla attende til Storbritannia . Temaet var inspirert av ei bok han las, Evelyn Waugh sin Vile Bodies (seinare filma som Bright Young Things, eit uttrykk som kjem fram i teksten.). Bowie såg i soga til Waugh «overflatisk, dekadent og toskete» oppførsel før ein «føreståande katastrofe», ei samanlikning med samfunnet i 1970-åra, særleg i Amerika.[5]Bridge School Benefit X i 1996, spelte Bowie songen akustisk og fortalte at songen var «om unge folk, like før to krigar, som ønskte å ha seg med jenter og drepe utlendingar».[7]

Songen inneheld ein lovprisa pianosolo av Mike Garson,[8][9] ein amerikansk pianist som nyleg hadde kome inn i bandet til Bowie. Bowie avslo høfleg dei to første soloane til Garson, ein i bluesstil og ein annan i latinsk stil, og bad pianisten om noko meir liknande «avantgarde jazz-miljøet frå 60-åra».[1] Garson svarte med framføringa ein høyrer på albumet, improvisert og spelt inn på eitt forsøk. I 1999 sa han:[10]

« Eg har snakka meir om den eine soloen dei siste 26 åra enn dei 11 albuma eg har laga på eiga hand, dei seks eg har spelt inn med ei anna gruppe eg delvis leiar, dei mange hundre stykka eg har gjort med andre folk og dei 3000 musikkstykka eg har skrive så langt. Eg trur ikkje det har gått ei veke på dei 26 åra utan at nokon, ein eller annan stad, har spurt meg om den soloen! »

Garson fortalte korleis Bowie guida han i å lage soloen slik at han vart:[11]

« Eg hadde snakka med Bowie om denne avantgarde-greia. Då eg spelte inn «Aladdin Sane» for Bowie, var det berre to akkordar, ein A- og ein G-akkord, og bandet spelte særs enkel, engelsk rock and roll. Og Bowie sa: 'spel ein solo på dette.' Eg hadde nettopp møtt han, så eg spelte ein bluessolo, men då sa han: 'NEi, det er ikkje dette eg vil ha.' Og så spelte eg ein latinsk solo. Igjen sa Bowie: 'Nei, nei, det er ikkje dette eg vil ha.' Han sa så: 'Du fortalte meg at du spelar avantgarde musikk. Spel det!' Og eg sa: 'Er du sikker? For du kan bli arbeidslaus etterpå!' Så eg spelte den soloen alle kjenner i dag, på eitt forsøk. Eg fortel alltid folk at Bowie er den beste produsenten eg har møtt nokon gong, fordi han alltid let meg gjere mi eiga greie. »

Soloen til Garson verkar i starten tilfeldig og kaotisk, men har ein struktur og flyttar seg frå dissonans og uro til beroligande minner, og bryt så sunt att før han går attende til songen. Den første delen (2:04 til 2:21) opnar med Garson som spelar eit disharmonisk mønster på fire notar, som splintrar stykket. Det andre (2:22 til 2:40) er hovudsakleg lange, maniske løp over tangentane. Den tredje (2:41 til 2:57) er ei liste av sitat—«Rhapsody In Blue» og «Tequila» og kanskje andre (som «On Broadway», som Bowie syng ein del av i slutten av songen). Den fjerde (2:58 til 3:15) er tre taktar med hamrande akkordar og sluttar med at saksofonen kjem inn att. Den femte (3:16 til 3:33) kjem ned att op jorda, då Garson byrjar å spele basslinja midtvegs gjennom.

Meldinga i Rolling Stone då albumet kom ut skildra musikken som «drivhus-orientalisme, skjerande, dissonant og vågal, men likevel lengtande og tilbakesjåande».[8] I 1981 skreiv NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray at dei rekna songen som «eit av Bowie sine tidlege 'europeiske' stykke», og samanlikna pianospelinga til Garson med Cecil Taylor.[9]30th Anniversary Edition av Aladdin Sane kom ut i 2003, knytte Sydney Morning Herald-kritikaren Bernard Zuel songen til dei seinare verka til Bowie, særleg «Berlintriologien».[12] Biografen David Buckley har sagt at då «Aladdin Sane» kom ut var det «den tydlegaste indikatoren på korleis Bowie prøvde å frigjere seg sjølv frå rockeavgrensingane».[1]

«Zion»Endra

Ein song som no ofte vert kalla «Zion» har dukka opp på mange piratkopiplater med titlane «Aladdin Vein», «Love Aladdin Vein», «A Lad in Vein»,[13] og «A Lad in Vain».[14] Med delar av «Aladdin Sane» og det som seinare vart «Sweet Thing (Reprise)» på Diamond Dogs, meiner ein at denne instrumentalen vart spelt inn under Aladdin Sane-innspelinga i Trident Studios tidleg i 1973. Eit nyare estimat har derimot plassert han ved sidan av innspelinga av Pin Ups seinare det året.[13] Slik set er songen kanskje meir ein Diamond Dogs Demo enn eit unytta opptak frå innspelinga av Aladdin Sane.[13]

MedverkandeEndra

KonsertversjonarEndra

«Aladdin Sane» vart framført på konsert første gong i februar 1973, før albumet kom ut, og ofte spelt på konsertar seinare på Ziggy Stardust-turneen og igjen på Diamond Dogs-turneen i 1974. Eit opptak frå 1974-turneen vart gjeven ut på David Live (1974), og det same opptaket kom òg ut på Rock Concert. Ein annan konsertversjon frå den same turneen vart gjeven ut på A Portrait in Flesh. Bowie drog fram songen igjen i 1996, igjen med Garson på piano. Han spelte òg inn ein akustisk versjon med vokal av bassist Gail Ann Dorsey for BBC-innspelinga ChangesNowBowie den 8. januar 1997.[5]

Andre utgjevingarEndra

Den originale songen har sidan vorte gjeven ut på fleire samleplater:

Andre versjonarEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.186-187
  2. Pegg, Nicholas (2006). The Complete David Bowie (4th ed.). London: Reynolds & Hearn Ltd. pp. 286. ISBN 1-905287-15-1.
  3. Pegg, 2006, pp.19 and 286.
  4. Seventies' Greatest Album Covers: Aladdin Sane. Retrieved on July 2, 2011.
  5. 5,0 5,1 5,2 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.20-21
  6. Changestwobowie at Teenage Wildlife
  7. David Bowie - Bridge School Benefit 19. oktober 1996
  8. 8,0 8,1 Ben Gerson (19 July 1973). «Aladdin Sane». Rolling Stone (Rolling Stone). 
  9. 9,0 9,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.54
  10. David Buckley (1999). Op Cit: s.171
  11. 2008 Interview with Mike Garson
  12. Bernard Zuel (9 August 2003). «David Bowie, Aladdin Sane». The Sydney Morning Herald. 
  13. 13,0 13,1 13,2 Nicholas Pegg (2000). Op Cit: s.249-250
  14. Naked & Wired at Bassman's David Bowie Page

BakgrunnsstoffEndra