Songen Desperado
Desperado Song av Eagles frå albumet Desperado | ||
Utgjeve | 17. april 1973 | |
Innspelt | Tidleg 1973 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 3:33 | |
Selskap | Asylum | |
Komponist | Glenn Frey, Don Henley | |
Tekstforfattar | Glenn Frey, Don Henley | |
Låtskrivar(ar) | Glenn Frey og Don Henley | |
---|---|---|
Produsent | Glyn Johns |
«Desperado» er ein ballade av Eagles, eit amerikansk band. Songen er skriven av bandmedlemmane Glenn Frey og Don Henley. Han vart først gjeven ut i 1973 på albumet Desperado, og sidan på mange samlealbum, men vart ikkje gjeven ut som singel.
«Desperado» vart rangert på 494. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene i 2004, men var ute av den oppdaterte lista i 2010. Songen var ein del av episode 7 i sesong 8 av Seinfeld, då kjærasten til Elaine vert djupt rørt kvar gong songen kjem på radio. Medlemmar av Western Writers of America valde songen som ein av dei 100 beste western-songane gjennom tidene.[1]
Don't you draw the queen of diamonds, boy
Frey og Henley (1973)
|
Andre versjonar
endre- Linda Ronstadt i 1973 på albumet Don't Cry Now.
- The Carpenters i 1975 på albumet Horizon.
- Johnny Rodriguez i 1976 på albumet Reflecting.
- Kenny Rogers i 1977 på albumet Daytime Friends.
- Clint Black på hyllestalbumet Common Thread: The Songs of the Eagles. Utgåva hans nådde 54. plassen på Hot Country Songs-lista i 1993.
- Johnny Cash i 2002 på albumet American IV: The Man Comes Around.
- Sarah Bolger i 2002 i filmen In America.
- Kokia i 2004 i den japanske filmen The Hotel Venus.
- Westlife i 2005 på albumet Face to Face
- Me First and the Gimme Gimmes i 2006 på albumet Love Their Country
- Andy Williams i 2007 på albumet I Don't Remember Ever Growing Up.
- Celtic Thunder's Ryan Kelly i 2008
- Neil Diamond i 2010 på albumet Dreams.
- Superfly i 2010 som singel og samlealbumet Wildflower & Cover Songs: Complete Best 'Track 3'.
- Chihiro Onitsuka i 2012 på albumet Famous Microphone.
- David Garrett som ein instrumental versjon i 2012 på albumet Music.
- Hagen Rether i 2007 på albumet Liebe Zwei.
- Lynda Carter i 2011 på albumet Crazy Little Things.
- Diana Krall i 2015 på albumet Wallflower.
Ein norsk tekst vart skriven av Arve Sigvaldsen, framleis med tittelen «Desperado». Denne vart spelt inn av Gro Anita Schønn i 1976 på albumet hennar Ta meg som jeg er.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Desperado (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Western Writers of America. «The Top 100 Western Songs». American Cowboy. Arkivert frå originalen 23. desember 2014. Henta 8. februar 2015.