Songlerke

art av sporvefuglar
Songlerke
Songlerke
Songlerke
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av songlerke
Utbreiinga av songlerke
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Familie: Lerkefamilien Alaudidae
Slekt: Alauda
Art: Songlerke A. arvensis
Vitskapleg namn
Alauda arvensis

Songlerka (Alauda arvensis) er ein fugl i lerkefamilien. Arten er ført opp som sårbar i Noreg av Artsdatabanken.[2]

Utsjånad endre

Songlerka er gråbrunt spraglete med lyse fjørkantar på oversida. Hals og bryst er kvite, med ein gul tone, og tette svartaktige flekkar som sluttar tvert mot den ustrekete buken som er kvit med svakare gul tone. Oversida av svingfjørene er svartaktige med raudbrune kantar og oversida av vengane har ein kvitaktig bakkant, medan undersidene av vengane er gråkvite. Velet er trefarga: dei ytre styrefjørene er i ulik grad kvite, sidan følgjer svarte styrefjør meda dei mellomste para er brunaktige. Songlerka er 16-18 cm lang, har eit vengespenn på 30-36 cm og veg 33-45 gram.

Læte endre

Læte

Hannen framfører songen oftast i ei songflukt, mindre ofte og samstundes kortare medan han sit på marka. Songen varer lenge, 3 -15 minutt, og er sett saman av ei rask ubroten følge av vekslande og delvis rytmiske rullande og trillande og zirpande tonar med nokre imitasjonar fløgt inn i det heile. Songen kan høyrast straks fuglen kjem om våren, og vidare framover til juli månad, og kjem frå morgongryet til kvelden. Hoa syng også iblant, men mindre intenst og berre medan ho sit på marka.

Utbreiing endre

Arten er utbreidd i eit breidt belte frå Europa og Marokko mot aust til Kamtsjatka og Japan. Tolv underartar er skildra, og i Noreg er det nominatunderarten arvensis som hekkar. I Europa reknar ein 25-45 millionar par. Arten har vore i tilbakegang i heile det vestlege Europa, og ein reknar med at intensiveringa av jordbruket er årsaka.

Biotop og utbreiing i Noreg endre

Songlerka er knytt til kulturlandskap med kort vegetasjon. I Noreg er hovudutbreiinga på Austlandet rundt Oslofjorden og i Mjøs-traktene, vidare langs kysten av Sørlandet og opp til Trøndelag. Arten finst sparsamt lengre nord. I Noreg hekkar 100-300 tusen par (2015), og arten er i tilbakegang.[3]

Føde endre

Fuglen lever mest av frø og insekt, med dominans av insekt om sommaren.

Hekking endre

 
Songlerkeegg.

I næringsrike område kan songlerka førekome i glisne koloniar men vanlegast er at dei hekkar kvar for seg. Sanglerka bygg reir av gras på marka, og hoa legg 3-6 egg som vert klekte etter rundt 11 døgn. Egga er grågrøne i botnen og er dekte av brune flekkar. Hoa rugar egga aleine. Ungane flyttar ut før dei er flygedyktige, etter ti døgn. Sanglerka legg ofte to kull per år.

Trekkvanar endre

Dei fleste fuglane flyg frå Noreg i siste halvdelen av september og i oktober. Somme kan overvintre, særleg på Jæren og Lista. Nominatunderarten overvintrar truleg langs vestkysten av det kontinentale Europa sør til den iberiske halvøya. Her møtast dei skandinaviske og dei nordaust- og austeuropeiske bestandane. Hoene startar trekket tidlegare om hausten enn hannane. Dei første songlerkene flyg frå vinterkvartera i januar, og kjem til Noreg i februar og mars. Hannane kjem først.

Kjelder endre

  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark songlerke Alauda arvensis Linnaeus, 1758 Henta 6. februar 2022
  2. Sanglerke Alauda arvensis Linnaeus, 1758, artsdatabanken.no. Vitja 1. august 2020.
  3. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av sanglerke Alauda arvensis for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 6. februar 2022