Songs for Judy
Konsertalbum av Neil Young
Språk engelsk
Utgjeve 30. november 2018
Innspelt 6. til 24. november 1976 (forskjellige stader)
Sjanger Folkrock
Lengd 79:14
Selskap Shakey Pictures Records
Produsent Joel Bernstein, Cameron Crowe, David Briggs og Neil Young
Neil Young-kronologi 
Roxy: Tonight's the Night Live
(2018)
Songs for Judy
Archives Performace Series-kronologi
PS06:

(TBA)
Songs for Judy PS08:

(TBA)


Songs for Judy er eit konsertalbum av den kanadiske musikaren Neil Young, utgjeve 30. november 2018 på Shakey Pictures Records. Det er del 07 i konsertserien av Neil Young Archives. Albumet består av konsertopptak frå den akustiske delen til Young under ein amerikansk turné i november 1976 med Crazy Horse.[4]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]
Pitchfork8.0/10[2]
Rolling Stone3.5/5 stars[3]

Bakgrunn endre

Joel Bernstein, som Young hadde med seg som gitarteknikar på turneen, tok opp konsertane direkte frå PA-anlegget til sin eigen personlege kassettopptakar. I lag med venen Cameron Crowe sette dei saman det beste frå framføringane. Ein kopi av dette lydbandet vart seinare stolen og sirkulerte blant fansen som piratkopiplata The Joel Bernstein Tapes.[5] Albumet inneheld dei same framføringane som den originale samlinga, men med fleirsporsmiksar som erstatta kassettopptaka til Bernstein der dette var mogeleg. I motsetnad til den originale samlinga, er songane sett i kronologisk rekkjefølgje etter når dei vart framført.

Ei rekkje songar framførte på turneen var ikkje gjevne ut på den tida, som «Too Far Gone» og «White Line» som kom ut i studioform mange år seinare på høvesvis Freedom (1989) og Ragged Glory (1990), og «Give Me Strength» (opphavleg for det skrinlagde Homegrown), kom ut i 2017 på arkivalbumet Hitchhiker. Songen «No One Seems to Know» vart gjeve ut første gongen offisielt på dette albumet.

Namnet Songs for Judy kom frå soga til Young (i introduksjonen til albumet) om å hallusinere under ein av konsertane og at han meinte å sjå Judy Garland i orkestergrava.[6]

Innhald endre

Alle songane er skrivne av Neil Young.

Nr.TittelLengd
1.«Songs for Judy Intro»3:25
2.«Too Far Gone»3:15
3.«No One Seems to Know»2:29
4.«Heart of Gold»2:53
5.«White Line»2:45
6.«Love Is a Rose»2:20
7.«After the Gold Rush»4:15
8.«Human Highway»3:04
9.«Tell Me Why»3:34
10.«Mr. Soul»3:06
11.«Mellow My Mind»2:30
12.«Give Me Strength»3:26
13.«A Man Needs a Maid»4:54
14.«Roll Another Number (for the Road)»2:22
15.«Journey Through the Past»3:17
16.«Harvest»2:42
17.«Campaigner»3:30
18.«Old Laughing Lady» (inneheld «Guilty Train»)5:18
19.«The Losing End (When You're on)»3:52
20.«Here We Are in the Years»3:53
21.«The Needle and the Damage Done»2:27
22.«Pocahontas»3:48
23.«Sugar Mountain»6:08

Medverkande endre

  • Neil Young – vokal, akustisk gitar, piano, banjo, munnspel

Teknisk endre

  • Joel Bernstein, Cameron Crowe, David Briggs, Neil Young – produsentar
  • Spor 1–9, 23:
    • Joel Bernstein – kassettinnspeling
    • Tim Mulligan – original PA-miks
  • Spor 10–22:
    • Dave Hewitt – fleirsporsinnspeling
    • Phil Gitamer – assisterande lydteknikar
  • John Nowland, Tim Mulligan – miksing
  • John Hanlon – post-produksjon
  • Tim Mulligan – mastering (Redwood Digital)
  • Chris Bellman – mastering (Bernie Grundman Mastering)
  • Daryl Hannah – plateomslag
  • Alex Tenta – design, layout

Kjelder endre

  1. «Songs for Judy - Neil Young - Songs, Reviews, Credits - AllMusic». AllMusic. Henta 31. januar 2019. 
  2. Jarnow, Jesse (1. desember 2018). «Neil Young: Songs for Judy». Pitchfork. Henta 31. januar 2019. 
  3. Brown, David (17. desember 2018). «Review: Neil Young’s Latest Archival Release ‘Songs for Judy’». Rolling Stone. Henta 31. januar 2019. 
  4. «Neil Young to Release 1976 Live Album ‘Songs for Judy’». Rollingstone.com. Rolling Stone. Henta 31. januar 2019. 
  5. «Some notes about the recordings» by Joel Bernstein and Cameron Crowe; from Songs for Judy liner notes.
  6. Darrow, Chuck. «The guy who curates Neil Young’s archives? He’s from Cheltenham». Philly.com. The Inquirer. Henta 31. januar 2019.