Songvår fyrstasjon

Songvår fyrstasjon er eit kystfyr i Kristiansand kommune i Agder. Det vart tent først gong 1. november 1888. Det første fyret var eit lite trefyr. Sjølve fyrlykta var bygd inn i det eine hjørnet av bustadhuset.

Songvår fyrstasjon
Songvår fyr.jpg
FylkeAgder
KommuneKristiansand
FunksjonKystfyr
Oppretta1888
Koordinatar58°00.8998′N 7°48.5872′EKoordinatar: 58°00.8998′N 7°48.5872′E
Fyrtårn
Høgd10,5*
FormFyrbygning
ByggjematerialePlast*
Fyrlys
LyskarakterIsostatisk lys kvart 6. sek. *
Lyshøgd23,7* moh
Lysvidde9,9* nm
Status
EigarKystverket
Automatisert1987
Avfolka1987
* Dagens nye plasttårn.
Songvår fyrstasjon is located in Vest-Agder
Plasseringa til Songvår fyrstasjon

Songvår fyr er ikkje, som ein kunne tru, plassert på ei øy med namn Sognvår. Fyret ligg på Hellersøy, mens naboøya i nord heiter Songvår. I 1886 avgjorde fyrdirektøren at fyret skulle heite Songvaar fyr. Namnet er unikt, noko som var og er ønskeleg for fyr. Det finst fleire øyar som heiter Helersøy langs kyste, og berre i Søgne er det fem.

I tillegg til fyrbygningen av tre, vart det bygd uthus med fjøs og høylåve, ein oljebod og båtnaust med opptrekk. Fyrvaktaren fekk bidrag frå Jorddyrkningsfondet og heldt ei ku, nokre høner og eit par sauer.

Det andre fyretEndra

I 1950 vart det bygd eit nytt maskinrom på Songvår. Eit nytt fyrtårn, 14 meter høgt vart tilbygd i 1955. Linseapparatet frå 1888 vart med over i det nye tårnet. Det gamle vart rive og materiala frakta til land. Grunnmuren står framleis.

Songvår hadde bufast familiebetjening fram til 1955, då det vart innført skiftordning. Fyrstasjonen vart betjent av fyrmeister, to betjentar pluss reservebetjent.

Fyret vart automatisert og avfolka i 1987. Då vart drifta lagt om til solcellepanel og ein del av maskinrommet vart ominnreda til batterirom med ein batteribank på 380 batteri. 40 solcellepanel vart montert i eit stativ utanfor.

Dagens fyrEndra

18. februar 2004 fekk den då 118 år gamle fyrlykta avløysing og vart erstatta av ein ny og moderne i eit 10,5 meter høgt plasttårn. Dagens fyrlykt vert drive av seks solcellepanel som er integrert i fundamentet og i snøskjermar rundt lykta. I tillegg har anlegget eige aggregat.

Bakgrunnen for fyrplasseringaEndra

Det har vore særs mange forlis i det utrygge farvatnet mellom Ryvingen fyr ved Mandal og Oksøy fyr ved Kristiansand, ei strekning på om lag 20 nautiske mil i luftlinje. Den direkte årsaka til at arbeidet med Songvår kom i gang, var at kvalkokeriet «Vardøhus» gjekk ned like ved i 1887 med 46 menneske om bord.

FaunaEndra

Hellersøy har eit rikt fugleliv og alt i 1935 vart det innført visse verneavgjersler. I 1981 vart øya freda som fuglereservat etter Naturvernloven. Det er ilandstigningsforbod og forbod mot å gå utanom sjølve fyrområdet mellom 15. april og 15. juli.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

Andre kjelderEndra