Sonny Landreth

amerikansk musikar

Sonny Landreth (fødd 1. februar 1951) er ein USA-amerikansk bluesmusikar frå sørvest i Louisiana. Han er særleg kjend som slidegitarist. Han var fødd i Canton i Mississippi, og slo seg ned i Lafayette i Louisiana.[1][2]

Sonny Landreth
Landreth.jpg
Fødd1. februar 1951 (69 år)
FødestadCanton
OpphavUSA
Aktiv1973 til i dag
SjangerBlues, country blues
Instrumentgitar
Tilknytte artistarJimmy Buffett, John Hiatt, The Goners, Mark Knopfler
PlateselskapEpic Records
Verka sommusikar, gitarist
PrisarAmericana Award for Instrumentalist of the Year

Han har ein uvanleg gitarstil og har spelt på innspelingar av John Hiatt, Leslie West, Mountain og mange andre.

BiografiEndra

Landreth byrja å spele gitar etter å ha spelt trompet i lengre tid. Den tidlegaste inspirasjonen hans kom frå Scotty Moore, gitaristen i bandet til Elvis Presley, men etter kvart lærte han seg å spele frå innspelingar av artistar og grupper som Chet Atkins og the Ventures. Som tenåring byrja Landreth å spele med vener i huset til foreldra.

Etter den første profesjonelle konserten sin med trekkspelspelaren Clifton Chenier i 1970-åra (der han ei stund var den einaste kvite fyren i Red Beans & Rice Revue), sette Landreth ut på eiga hand, men ikkje før han hadde spelt inn to album for Blues Unlimited-etiketten i Crowley i Louisiana, Blues Attack i 1981 og Way Down i Louisiana i 1985. Det andre albumet vart lagt merke til av platebransjen i Nashville, som igjen førte til at han gjekk i studio og ut på turné med John Hiatt. Dette førte vidare til arbeid med John Mayall, som spelte inn Landreth sin «Congo Square». I nyare tid har han arbeidd med bandleiaren og pianisten Allen Toussaint.

DiskografiEndra

SoloEndra

  • Blues Attack (1981)[1][3]
  • Way Down in Louisiana (1986)[1][3]
  • Outward Bound (1992)[3]
  • South of I-10 (1995)[1][3]
  • Crazy Cajun Recordings (1999) - innspelingar frå 1973 og 1977[3]
  • Prodigal Son: The Collection (2000) - innspelingar frå 1973 og 1977[3]
  • Levee Town (2000)[3]
  • The Road We're On (2003), nådde toppen av blueslista i USA.[4]
  • Grant Street (2005) - konsertopptak, nådde andreplassen på blueslista i USA.[4]
  • Sonny Landreth - Live At Jazz Fest 2007 (2007) - konsertopptak
  • From the Reach (2008), nådde førsteplassen på blueslista i USA.[4]
  • Elemental Journey (2012), nådde fjerdeplassen på blueslista i USA.[4]

Som studiomusikarEndra

med Jimmy Buffett:

med John Hiatt:

med Eric Johnson:

med andre:

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Tom Aswell (2010). Louisiana Rocks!: The True Genesis of Rock and Roll. Pelican Publishing. s. 227–28. 
  2. Mark Dziuba (1997). Cutting Edge -- Blues gitar: Find Out What's Happening Out on the Edge..., Book & CD. Alfred Music Publishing. s. 20. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Vladimir Bogdanov, Chris Woodstra, & Stephen Thomas Erlewine, red. (2003). All Music Guide to the Blues: The Definitive Guide to the Blues. Hal Leonard Corp. s. 325–26. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Sonny Landreth Chart History: Blues Album». Billboard.com. Henta December 10, 2013. 

BakgrunnsstoffEndra