Sophie Hedvig Dedekam (1. april 18201. juni 1894) var ein norsk komponist og dagbokforfattar. Ho skreiv melodiar til dikt av blant andre Jørgen Moe, H.C. Andersen, Johan Sebastian Welhaven og Bjørnstjerne Bjørnson.

Sophie Dedekam

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. april 1820
Arendal
Død

1. juni 1894 (74 år)
Ottestad

Yrke komponist, dagbokskrivar
Far Morten Smith Dedekam
Sophie Dedekam på Commons
Forsida av noten til Sympathier, ein sang med tekst av Welhaven, melodi av Sophie Dedekam. På forsida er det lista opp 42 songar som skulle gjevast ut i serien Romancer og Sange med Piano av Sophie Dedekam

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Dedekam vart fødd i Arendal, som den eldste av seks sysken. Foreldra var Morten Smith Dedekam, som vart den fyrste ordføraren i Arendal, og Margrethe Sophie Dedekam, fødd Ebbell. Grandnevøen Henrik Harboe skildra barndomsheimen hennar som «et sjeldent lyst og lykkelig hjem med jevn velstand, men aldri overflod»[1]

Ved sida av å være ein musikalsk gjevnad, var Dedekam utstyrt med eit usedvanlig intellekt, og var svært skrivefør, noko dei etterlatne breva og dagbøkene hennar viser.[2]

Mora hennar døydde i 1854, og då faren døydde i 1861, etterlet han seg ikkje mykje pengar. Sophie Dedekam, som var ugift, var då åleine, og hadde ikkje mykje å leve av. Ho fekk publisert rundt 40 av sine songar og melodiar, men det gav ikkje store inntekter, så ho budde resten av livet hos ulike slektningar, spesielt hos dei gifte systrene sine.

Musikken endre

Mora var særs musikalsk, og ho underviste Sophie i pianospel. Noko musikkundervising utover dette fekk ho visstnok ikkje, men ho utvikla ein stor og vakker røyst «med eit dramatisk føredrag», og ho spelte klaver.[3] Som komponist var ho autodidakt.

I dagbøkene og breva til Dedekam, der ho levande skildra det ho opplevde, var den skapande sida ved ho sjølv nesten usynleg, så det å komponere har truleg gått inn som ein sjølvsagd del av det musikalske livet hennar, utan å ha nokon dominerande plass.[4]

« Melodiene kom ligesom af sig selv … »

Songmelodiane ho skreiv er naturleg forma, syngbare og iøyrefallande. Når ho skreiv melodiar til eksisterande tekster, viser melodiane at ho har lagt stor vekt på innhaldet til tekstene.[4]

Ein av melodiane til Dedekam, skriven rundt 1840, er inkludert som salme nummer 772 i Norsk salmebok 2013: «Nå lukker solen sitt øye». Tekst av Ernst Christian Richardt (1891). Melodien er i bruk i heile Norden.[5]

Kjelder endre

  1. Dedekam (1929), s. X
  2. Dahm (1987), s. 49
  3. Dahm (1987), s. 50
  4. 4,0 4,1 Dahm (1987), s. 57
  5. Vidar Kristensen (november 2014). «Kort presentasjon av nr. 1−899 i Norsk salmebok 2013» (PDF). kirken.no. Henta 27. november 2017. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sophie Dedekam