Sophie Gengembre Anderson

Sophie Gengembre Anderson (182310. mars 1903) var ein fransk-britisk målar på 1800-talet. Ho vert rekna til prerafaelittane, og spesialiserte seg på sjangerbilete av barn og kvinner, typisk i landlege omgjevnader.

Sophie Gengembre Anderson
Statsborgarskap Frankrike, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 1823
Paris
Død

10. mars 1903 (79 år)
Falmouth

Yrke kunstmålar, kunstnar
Språk fransk
Far Colomb Gengembre
Ektefelle Walter Anderson
Sophie Gengembre Anderson på Commons

Gengembre Anderson var fødd i Paris i Frankrike med engelsk mor og fransk far, arkitekten Charles Gengembre. I unge år studerte ho portrettmåleri hos Charles von Steuben i Paris.

februarrevolusjonen braut ut i 1848 flytta ho med familien sin til Cincinnati i USA. Der gifta ho seg med den britiske kunstnaren Walter Anderson, ein annan prerafaelitt. Dei to drog tilbake til England i 1854. Året etter stilte målarinna ut sitt første bilete i Royal Academy of Arts.

Anderson var ein dyktig målar som særleg kunne få fram lyseffektar og faldar i klede. Ho måla både portrett og landskap, men valde særleg born som modellar. Ho måla til dømes fleire italienske bondeborn som ho møtte på Capri.

Sophie Gengembre Anderson døydde i Falmouth i England.

Galleri

endre