Sophie av Mecklenburg

Sophie av Mecklenburg (4. september 15574. oktober 1631) var dotter av hertug Ulrik III av Mecklenburg-Güstrow og Elisabeth av Danmark og dronning av Danmark-Noreg gjennom ekteskapet med Fredrik II av Danmark-Noreg. Fredrik var syskenbarnet hennar og 23 år eldre. Dei gifta seg 20. juli 1572.[1]

Sophie av Mecklenburg

Sophie av Mecklenburg
Fødd4. september 1557
Wismar i Tyskland
Død4. oktober 1631 (74 år)
Nykøbing slott i Danmark
TittelDronning av Noreg og Danmark
Regjeringstid1572-1588
FøregangarDorothea av Sachsen-Lauenburg
EtterfylgjarAnna Kathrine av Brandenburg
LandHertugdømmet Mecklenburg-Schwerin
MorElisabeth av Danmark
FarUlrik III av Mecklenburg-Güstrow
EktefelleFredrik II av Danmark-Noreg
BarnElisabeth av Danmark, Anna av Danmark, Kristian IV av Danmark-Noreg, Ulrik av Danmark, Augusta av Danmark, Hedevig av Danmark, Hans af Danmark

Sophie var frå Wismar i Mecklenburg, ein plass i Nord-Tyskland. Mor hennar var dotter av Fredrik I og hans andre ektefelle Sophie av Pommern.[2]

Ein kjenner ikkje til noko om oppveksten hennar og det er først då ho gifta seg med Fredrik at ho blir omtala. Ekteskapet var arrangert og pressa gjennom av Riksrådet som ville ha ein ende på Fredriks ungkarsliv.[1] Ekteskapet blei likevel harmonisk og i dagboksnotata sine omtalar Fredrik ektefellen som «min Soffye».[3] Ho var med han på reiser rundt i landet, men blanda seg aldri inn i regjeringssaker. Ho samla på folkeviser og oppmuntra Anders Sørensen Vedel til å gje ut Danske Viser.

Sophie blei enkje 31 år gamal. Sonen Kristian var berre 11 år og for ung til å ta over trona. Det blei difor sett inn ei formyndarregjering. Etter at Fredrik II døydde blanda Sophie seg inn i politikken og prøvde å skaffe dei yngre sønene sine del i hertugdømma. I 1594 blei ho tvinga til å trekkje seg attende til sitt livgedingNykøbing slottFalster.[1] Dei økonomiske evnene hennar som godseigar gjorde at ho etterlet seg ein stor formue. Sophie er gravlagd i Roskilde domkyrkje.

Fredrik og Sophie fekk sju born; Elisabeth (1573), Anna (1574), Kristian (1577), Ulrik (1578), Augusta (1580), Hedevig (1581) og Hans (1583). Dottera Anna gifta seg med Jakob VI av Skottland og I av England.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Sophie frå Dansk Kvindebiografisk Leksikon
  2. Elisabeth av Mecklenburg frå Dansk biografisk leksikon
  3. Frederik den Anden og Sophie af Mecklenburg[daud lenkje] frå Statens Arkiver