Sophus Kahrs

norsk frontkjempar

Sophus Buck Kahrs (28. mars 191818. november 1986)[1] var ein norsk hirdmann og frontkjemparoffiser under andre verdskrigen.[2][3]

Sophus Kahrs

Vidkun Quisling med seks norske frontkjemparar, blant dei Arne Nilsen og Sophus Kahrs.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. mars 1918
Gulen kommune
Død

1. juli 1986 (68 år)
Buenos Aires

Yrke frontkjemper
Politisk parti Nasjonal Samling

I 1934 meldte Kahrs seg inn i Nasjonal Samling.[2] Han blei også med i Hirden, og var frå 1936 medlem i NS Kamporganisasjon.[2] Under andre verdskrigen blei han løytnant, og ei stund fungerande bataljonssjef i den norske skijegerbataljon (1944) som deltok i krigen på tysk side.[3] Før dette blei han send til Austfronten som troppsførar og kompanisjef ved Leningrad, i Den norske Legion.[2] For innsatsen sin i 1944 i Karelen blei han tildelt Jernkrossen av 1. klasse.[3] Kahrs var ved krigens slutt leder for Førergarden,[2] Vidkun Quislings livgarde.

I landssvikoppgjeret etter krigen blei Kahrs dømt til 10 år straffarbeid og 19 års fengsel.[2] 3. juli 1947 rømte han, saman med tre andre, frå Espeland fangeleir.[2] I lag med ti andre landssvikdømte flykta han til Sør-Amerika med båten «Solbris» i 1947. [4] I Brasil vart han halden igjen av styresmaktene i nesten eitt år før han fekk reise vidare til Buenos Aires i Argentina, der han vart buande livet ut.

Kjelder endre

  1. www.frontkjemper.info: «Sophus Buck Kahrs»[daud lenkje]
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Frode Bjerkestrand: «Arven etter Solbris», Bergens Tidende, 5. mai 1995, s. 14.
  3. 3,0 3,1 3,2 Bjørn Brøymer: «En NS-røst fra Argentina», Aftenposten, morgen, 19. mars 1988 , s. 9.
  4. «Solbris» i Norsk krigsleksikon/NoregsLexi