Sorø
by på Sjælland
Sorø | |||
---|---|---|---|
Hovudbygninga på Sorø Akademi. Foto: Hubertus45
| |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Kommune |
Danmark Region Sjælland Sorø kommune | ||
Grunnlagd | 1100-talet | ||
Borgarmeister | Gert Jørgensen KF (2014-2017)[1] | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - By (2013) |
7 801[2] | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: Kommunal heimeside |
Sorø er ein by på Vestsjælland 75 km vest for København i Danmark med 7 801 (2013) innbyggjarar. Byen ligg i Sorø kommune og er sete for det folkevalde Regionsrådet og administrasjonen av Region Sjælland.
Sorø oppsto på 1100-talet da stormannen Asser Rig grunnla eit munkekloster på staden, men utvikla seg ikkje til by før etter at den hadde fått kjøpstadsrettar av Kristian IV i 1638.[3]
I Sorø ligg Sorø klosterkyrkje frå 1100-talet som mellom anna er gravplass for Ludvig Holberg, den siste norske mellomalderkongen Olav IV av Noreg og bestefaren Valdemar Atterdag.[4] Sorø Akademi ligg i tilknyting til kyrkja.
VenskapsbyarEndra
Sorø har fire venskapsbyar; Eidsvoll, Skara i Sverige, Fljótsdalshérað på Island og Pruszcz i Polen.[5]
KjelderEndra
- ↑ Byrådet frå Sorø Kommune (Vitja 13. februar 2014)
- ↑ Danmarks Statistik: Tabel BEF44. (Vitja 13. februar 2014)
- ↑ Søren Olsen: Danmarks købstæder, 144 købstæder og andre gamle byer, Politikens Forlag 2000, side 268, ISBN 87-567-6203-8
- ↑ Sorø Klosterkirkes historie, arkivert frå originalen 2013-12-31, henta 13. februar 2014
- ↑ Venskabsbyer frå Sorø Kommune (Vitja 13. februar 2014)