Sorani (سۆرانی, Soranî; er eitt av fleire kurdiske språk eller dialektar innanfor den iranske språkgruppa. Sorani vert snakka i Irak, hovudsakeleg i Irakiske Kurdistan, og dessutan i provinsane Kurdistan, Kermanshah og Vestazarbaijan i nordvestre Iran. Sorani er eit av de to offisielle språka i Irak, saman med arabisk, og vert referert til i politiske dokument som "kurdisk". Det vert ofte referert til som sørkurdisk eller sentralkurdisk, men desse namna viser ofte til andre kurdiske variantar.

Sorani
Bruk
Tala i Irak
Språkkodar
ISO 639-3 ckb

Termen sorani, etter namnet på det tidlegare Soran-emiratet, vert nytta spesielt for å referere til ei skrive standardisert form av sentralkurdisk skrive i ei særskild form av det perso-arabiske alfabetet som vart skapt på 1920-talet av Sjå'îd Kaban Sidqî og Taufiq Wahby.[1] I følgje David Neil MacKenzie, er den skrivne standardiserte versjonen av sentralkurdisk basert på Sulaymaniyah-dialekten og influert fonologisk av Pîjdar- og Mukriyanî-dialektane.

Historie endre

Det osmanske riket skapte ein gymnasskule (Rushdiye) i Sulaymaniyah, der dei uteksaminerte kunne dra til Istanbul for å fortsetja studia sine der. Dette fører til at sorani, som vart snakka i Sulaymaniyah, gradvis erstatta Hewrami-dialekten som det litterære språket.

Etter at Baathregimet fall i Irak har det vore fleire høve til å publisera verk på kurdisk i Irak enn i noko anna land i verda.[2] Som resultat har sentralkurdisk vorte den dominerande skrivne forma av kurdisk.[3]

Alfabet endre

Utdjupande artikkel for dette emnet er Kurdiske alfabet.

Sorani vert vanlegvis skrive med ein modifisert variant av perso-arabisk skrift; til skilnad frå det andre kurdiske litterære språket, kurmanji, som vanlegvis vert skrive med det latinske alfabetet.

Under det seinaste tiåret har bruken av det latinske alfabetet for sorani i irakiska Kurdistan, auka på offisiell TV.

Demografi endre

Det eksakte talet på talarar av sorani er vanskeleg å vita, men det vanlegaste anslaget er at det vert prata av ca 6 til 7 millionar menneske i Irak og Iran.[4] Det er den mest utbreidde dialekten snakka i Iran og Irak. Særleg vert sorani tala av:

  • I overkant av 3 millionar kurdarar i Iran. Området for desse talarane er sør for Urmiasjøen og i eit område til utsida av Kermanshah.
  • I overkant av 3 millionar kurdarar i Irak. Dei fleste kurdarane som snakkar sorani bur i nærleiken av provinsane Arbil (Hewlêr) Sulaymaniyah (Silêmanî), Kerkuk og Diyala.

Dialektar av sorani endre

På grunn av omfattande bruk av standardsorani i medium og kommunikasjon vert dei fleste av desse dialektane vurdert som dialektar av standard sorani:

  • Mukriyani; Dialekten som blir snakka sør for Urmiasjøen med Mahabad som sentrum, inkludert byane Piranshahr, Bokan, Sardasht, Oshnavie og dei kurdisktalande delane av Naghadeh og Miandoab. Denne region er tradisjonelt referert til som Mukriyan.
  • Ardalani; vert prata i byane Sanandaj, Marivan, Kamyaran, Divandarreh og Dehgolan i Kordestan-provinsen og dei kurdisktalande delane av Tekab og Shahindej i Vestre Azerbaijan-provinsen. Denne region er tradisjonelt kjend som Ardalan.
  • Garmyani; i og rundt Kirkuk
  • Hawleri; vert prata i og runt byen Arbil (Hewlêr) i irakiske Kurdistan. Det viktigaste språktrekket som skil hawleri frå andre variantar er brigdet av konsonanten /l/ til /r/ i dei fleste orda i språket.
  • Babani; vert snakka i og rundt byen Sulaymaniya i Irak og i byane Saghez og Baneh i Iran.
  • Jafi; vert snakka i byane Javanroud, Ravansar og i visse byar rundt Sarpol-e Zahab og Paveh.

Sorani som offisielt språk endre

Det har vorte gjort framlegg om å gjera sorani til det offisielle språket i Kurdistans regionale regjering. Denne ideen har vorte støtta av soranitalande kurdarar samtidig som han har skuffa kurmanjitalande kurdarar.[5]

Grammatiske trekk endre

Det finst ingen pronomen som skil mellom hankjønn og hokjønn og ingen verbale bøyiingsformer for å signalisera kjønn.[6]

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Joyce Blau, Methode de Kurde: Sorani, Editions L'Harmattan (2000), p. 20
  2. "Iraqi Kurds" Arkivert 2012-06-24 ved Wayback Machine..
  3. "Language background of major refugee groups to the UK - Refugee Council" Arkivert 2012-07-25 ved Wayback Machine..
  4. SIL Ethnologue (2013) under "Central Kurdish" gjev for 2009 eit estimat på 3,5 millionar talarar i Irak og eit estimat på 3,25 millonar talarar i Iran.
  5. "Kurdish language issue and a divisive approach | Kurdish Academy of Language".
  6. Kurdish Sorani language developmental features, arkivert frå originalen 13. november 2007, henta 6. oktober 2020