Sosial lagdeling eller sosial stratifikasjon er eit omgrep innan sosiologi om ei hierarkisk inndeling av eit samfunn i klassar, grupper, kastar eller andre typar lag. Sosial lagdeling fører, ofte utilsikta, til ei systematisk skeivfordeling av makt, eigedelar og liknande. Kor store skilja og fordelingsforskjellane er varierer mykje mellom samfunn.

Die drei Stände. Frå Tirol rundt 1800.

I delar av Europa fram til 1800-talet rekna ein samfunnet inndelt i tre stender: Adel, geistlege og tredjestanden. I Norden delte ein gjerne samfunnet i fire stender: Adel, geistlege, borgarar og bønder. Ei moderne inndeling av samfunn deler det ofte inn i overklasse, mellomklasse og underklasse. I nyare tid har forskarar gjerne sett meir på korleis kjønn, rase/etnisitet og liknande fører til sosial lagdeling.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre