Sosialdemokratane i Slovenia

Logo

Sosialdemokratane i Slovenia, Socialni demokrati (SD), er eit slovensk parti skipa i 1990 under namnet Partiet for demokratisk fornying. Det har sidan hatt andre namn, og har slått seg saman med andre grupper, men heiter i dag rett og slett «Sosialdemokratane».

Det er etterfølgjarparti til den slovenske avdelinga av Det jugoslaviske kommunistforbundet, men no medlem i den Sosialistiske Internasjonalen. Partiet er for tida (2008) det største i Slovenia, og regjeringsparti.

KjeldeEndra

Den tyskspråklege wikipediaen, art. Socialni demokrati, som lesen 29. oktober 2008.

BakgrunnsstoffEndra

Den offisielle nettstaden til partiet