Sotalbatross
Sotalbatross
Sotalbatross
Status
Status i verda: EN Sterkt truga
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Albatrossfamilien Diomedeidae
Slekt: Phoebetria
Art: Sotalbatross P. fusca
Vitskapleg namn
Phoebetria fusca

Sotalbatross, Phoebetria fusca, er ein stor sjøfugl i albatrossfamilien. Arten hekkar på sub-antarktiske øyar i Sør-Atlanteren og Indiahavet, og har elles utbreiing til havs i Sørishavet frå Sør-Amerika til Australia.[1] Saman med gråalbatross utgjer han den biologiske slekta Phoebetria.

SkildringEndra

Dette er ein mellomstor albatross med kroppslengd på 85 cm,[2] og vengespenn på to meter.[3] Vaksne har kroppsmasse som varierer frå 2,1 til 3,4 kg.[4] Han er sotbrun[3] med mørkare sjatteringar på sidene av hovudet. Han har ein kvit, tynn halvmåneforma ring over og bak auget. Nebbet er svart med ei gul linje langs underkjeven, nebblengda er 112 mm. Ungfuglane liknar på vaksne.[2] Vaksne sotalbatrossar skil seg frå vaksne gråalbatross ved at sotalbatross har mørkare fjørdrakt.

Dietten består av blekksprut,[3] krepsdyr, blekksprut, fisk og åtsel.[2]

Sotalbatrossen er ein kolonirugar, men ikkje i same grad som andre albatrossartar. Koloniane består vanlegvis av 50-60 par. Dei byggjer reira på fjellhyller og i bratte skrenter. Dei gjer freistnad på hekking annakvart år.[2]

Denne albatrossen hekkar på øyar i det sørlege Atlanterhavet, først og fremst Gough Island og Tristan da Cunha, dessutan i Indiahavet, bl.a. på Prince Edwardøyane og Crozetøyane.[2] Dei beitar til havs nord til ca. 30° S.[5]

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. Brooke, M. (2004). «Procellariidae». Albatrosses And Petrels Across The World. Oxford, UK: Oxford University Press. ISBN 0-19-850125-0. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 BirdLife International (2012) Species factsheet: Phoebetria fusca. Henta frå http://www.birdlife.org on 22/04/2012
  3. 3,0 3,1 3,2 Trewby, Mary (2002). Antarctica: an encyclopedia from Abbot Ice Shelf to zooplankton. Auckland, New Zealand: Firefly Books Ltd. s. 170. ISBN 1-55297-590-8. 
  4. CRC Handbook of Avian Body Masses by John B. Dunning Jr. (Editor). CRC Press (1992), ISBN 978-0-8493-4258-5.
  5. Clements, James (2007). The Clements Checklist of the Birds of the World (6 utg.). Ithaca, NY: Cornell University Press. ISBN 978 0 8014 4501 9. 

BakgrunnsstoffEndra

Wikispecies har taksonomisk informasjon om Phoebetria fusca