Sothøne

Sothøne
Fulica atra
Fulica atra
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU SårbarUtbreiinga av sothøne
Utbreiinga av sothøne
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Tranefuglar Gruiformes
Familie: Riksefamilien Rallidae
Slekt: Fulica
Art: Sothøne F. atra
Vitskapleg namn
Fulica atra

Sothøne (Fulica atra) er ein fugl i riksefamilien. Han held helst til i grunne vassområde med takrøyr, siv og flytande planter. Føda er mest plantekost. Han et og insekt og sniglar.

Fuglen er utbreidd frå Sentral- og Aust-Europa og Nord-Afrika til Sibir og Australia. I Noreg er ho vanlegast ved Oslofjorden, på Jæren og i Trøndelag. Ein reknar at det hekkar 500-2000 par.

Sothøna er delvis trekkfugl. Ho dreg truleg til Dei britiske øyane og Mellom-Europa. Ein del fuglar overvintrar langs den sørlege del av norskekysten.

Sothøna er svart. Nebb og panne er kvit. Beina er grønaktige. Dei har symjelappar. Ungfuglane har lysare strupe og fremre del av brystet. Dunkyllingane har oransjeraudt hovud.

Dununge.
Egg

Sothøna byggjer reir i tett vegetasjon. Reira er ofte store og flytande. Hofuglen legg 6-10 grågule egg med mørke prikkar. Båe fuglane rugar. Ungane forlet reiret etter 3-4 dagar, og kan flyge når dei er 7-8 veker gamle.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sothøne