Sotsnipe

fugleart
Sotsnipe
Sotsnipe
Sotsnipe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Sotsnipe
Utbreiinga av Sotsnipe
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Tringa
Art: Sotsnipe T. erythropus
Vitskapleg namn
Tringa erythropus

Sotsnipe (Tringa erythropus) er ein vadefugl i snipefamilien. Ho er ein hekkefugl gjennom eit belte frå nordlege Skandinavia, inkludert Finnmark, til austlegaste Russland nær Beringsundet. I Noreg er ho observert både på kysten og i innlandet under trekket til og frå vinterkvarteret.[2] Viktige overvintringsområde er i Afrika, på det indiske subkontinentet og i Søraust-Asia.

Skildring endre

 
Sotsnipe i sommardrakt
Foto: Wikimedia-brukar Alpsdake
 
I vinterdrakt
Foto: Wolfram Riech

Sotsnipa er 29-32 cm lang, har eit vengespenn på 61-67 cm og kroppsmasse på 97-230 gram.[3] Hannen ber sommarstid ei mørk, sotfarga praktdrakt med lange, mørke raude bein. Sommardrakta til hoa liknar drakta til hannfuglar, men har meir tydelege kvite flekker på buken og flankane. I vinterdrakt er denne fuglen lite iaugefallande gråbrunt farga med kvite flekker, heilt kvit og umønstra buk, elles mykje lik raudstilk i utsjånad. Men sotsnipa er større, manglar kvit bakkant på vengene og har eit lengre, tynnare nebb som er nesten umerkeleg nedbøygd mot spissen. Berre undernebbet er raudfarga. Sotsnipa vassar ofte til buken når vassflata, og om naudsynt kan ho òg symje.

Eit vanleg læte er eit høgt, stigande 'tju-it' eller 'ti-vit' i flukt.

Hekkeområdet for sotsnipa er indre Finnmark, Norrland, nordlege Finland, Kolahalvøya og gjennom eit belte gjennom nordlege Sibir så langt aust som til sentrale Tsjukotka-distriktet i Russland, men har fråvære frå Tsjuktsjarhalvøya til Beringsundet.[3]

Sotsnipa er ein langdistansemigrant, vinterkvarteret med størst utstrekning ligg i Afrika sør for Sahara. Spesiell tyding har Sahel og Det austafrikanske høglandet, i Etiopia er ho registrert opp til 2880 moh. Men mange fuglar overvintrar langs den sørlege kysten av Middelhavet og i Det nære Austen. Vinterkvartar finst òg på det indiske subkontinentet og i Søraust-Asia. I Vest- og Sør-Europa overvintrar berre ei svært lita mengd sotsniper.

I Sentral-Europa, kan fuglen sjåast spesielt på hausttrekket i perioden frå byrjinga av august til slutten av oktober og i vårtrekket frå byrjinga av april til slutten av mai. Så mykje som mellom 5000 til 10 000 individ kan observerast i Nederland. Etter år 1999 har det i Sør-Noreg blitt registrerte flest sotsniper i august månad.[4].

Sotsnipa hekkar på tørt til fuktig, ofte blaut underlag i opne område av tundraen der det finst skogvekst, ikkje langt fra tregrensa. Under trekket og i vinterkvarteret beitar dei på våtmarker, strandenger og laguner ved ferskvatn og brakkvatn. I innlandet nyttar ho grunt vatn og fuktige eller oversumde enger. Sotsnipa er generelt mindre marin enn mange andre artar av Tringa-snipene.[3]

Fuglen lever hovudsakleg av småfisk, blautdyr, amfibium, krepsdyr og vasslevande insekt i alle fasar av utviklinga. I saltvatn har dietten innslag av krepsdyr, børstemakk, fisk og blautdyr. Dei beitar mest i små flokkar, men òg i store flokkar eller einskildvis.[3]

Sotsnipa hekkar frå midten av mai til ut juni på fuktig gras, mose eller låg bakken. Kullet består av 4 egg, og blir nesten utelukkande ruga av hannen. Hoa har ein tendens til polygami.

Den europeiske hekkefuglbestanden blei estimert til 19 000-42 000 hekkande par på byrjinga av 2000-talet. Av desse rugar på 10 000 til 15 000 par i Finland, 2000-6000 i Noreg og 2000 til 10 000 i den europeiske delen av Russland. I tillegg kjem 5000-11 000 hekkande par i Sverige.

I dag er bestanden trudd å vere stabil.[5] Sotsnipe er ein av artane som er trudd å bli særleg rørt av klimaendringane. I følge eit forskingsresultat vil hekkeområdet flyttast nordaustover mot slutten av hundreåret og neppe overlappe dagens utbreiing.[6]

Den høgste dokumenterte alder for ei sotsnipe er 6 år og 2 månader.

Kjelder endre

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av sotsnipe Tringa erythropus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Spotted Redshank (Tringa erythropus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. juli 2016
  4. Søk på artsobservasjoner.no den 18. juli 2016
  5. BirdLife International (2016) Species factsheet: Tringa erythropus. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. juli 2016
  6. Brian Huntley, Rhys E. Green, Yvonne C. Collingham, Stephen G. Willis: A Climatic Atlas of European Breeding Birds, Durham University, The RSPB and Lynx Editions, Barcelona 2007, ISBN 978-84-96553-14-9, S. 195

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sotsnipe