Opna hovudmenyen

South Wairarapa District ligg i det søraustlege hjørnet på NordøyaNew Zealand, og er eit distrikt i regionen Wellington.

South Wairapa District
South Wairarapa DC.PNG
Folketal: 8 892 [1]
(i distriktet)
Viktigaste by: Martinborough
Andre byar: Featherston, Greytown
Distrikt
Namn: South Wairapa District Council
Mayor: Adrienne Staples
Flatevidd: 2 484,55 km²
Heimeside: http://www.swdc.govt.nz
Sjå òg: Masterton, Wellington
Regionstyre
Namn: Greater Wellington
Heimeside: http://www.gw.govt.nz

Innhaldsliste

HistorikkEndra

Overleveringar frå Te Āti Awa iwi fortel at Kupe utforska heile vestkysten på Nordøya, frå Auckland til Cooksundet. Stammar sør på Nordøya meiner at han kom i land på den nordlege kysten til Wairarapa og drog sørover mot Wellingtonregionen og fram til nord på Sørøya. Han gav klipper nær Cape Palliser namnet Mātakitaki (utsikt), fordi han kunne sjå Tapuae-o-Uenuku, det høgaste fjellet i Kaikōura Ranges på Sørøya herfrå[2].

DistriktetEndra

South Wairarapa omfattar tre byar og fleire område som har eit vidt spekter av økonomisk aktivitet, naturrikdomar og attraksjonar for tilreisande. Martinborough er administrasjonssenter for South Wairarapa District Council og er eit viktig vin-produksjonsområde i landet. Byen sine sentrale gater dannar mønsteret i Union Jack. I Greytown vart Treets dag første gong feira på New Zealand. Featherston har eit museum som viser fram eit av dei få attverande Fell-lokomotiva i verda.

Fordi South Wairarapa ligg så nær hovudstaden på New Zealand, Wellington, er det nære band mellom desse to områda. Mange menneske bur i South Wairarapa og pendlar til arbeid i Wellington kvar dag, andre bur og arbeider i Wellington og tilbringar helgene i South Wairarapa.

TopografiEndra

Landskapet i South Wairarapa omfattar elvesletta til Ruamahanga River og innsjøen Lake Wairarapa i tilknyting til denne, og likeeins den lange sørlege stranda i Palliser Bay. Vest for slettelandet hevar dei austlege liene i åsrekkja Rimutaka Range seg, åsryggen dannar den vestlege grensa til distriktet, medan Aorangi Range ligg mot søraust. Det sørlegaste punktet på Nordøya, Cape Palliser, ligg i South Wairarapa.

Lokalt og regionalt styresettEndra

South Wairarapa District Council (SWDC) er distriktsstyret (Territorial Authority) for dette distriktet. For lokalstyreføremål er Wairarapa delt i Masterton district, Carterton district, og South Wairarapa district. Regionalt ligg Wairarapa i regionen Wellington saman med Kapiti, Porirua, Hutt Valley og Wellington, og er administrert av Greater Wellington Regional Council.

ReferanseEndra

BakgrunnsstoffEndra