Sovende paragraf blir brukt om ein lovregel eller forskriftregel som ikkje blir brukt i praksis, vanlegvis fordi dei blei vedtekne i ei tid då synet på det spørsmålet som lovregelen skal regulere var annsleis. Dette gjeld mellom anna moralspørsmål.

I Noreg har lov av 31. mai 1900 nr. 5 om «Løsgjængeri, Betleri og Drukkenskab», Lausgjengarlova, vore eit vanleg eksempel på ei lov som i stor grad har innehalde sovande lovreglar. Med unnatak av § 11 om tigging blei lova oppheva med verknad frå 1. januar 2006.

I samband med Muhammed-karikaturane i 2006 oppstod ein debatt om ein annan sovande lovregel, forbodet mot blasfemi i straffelova § 142. Det er vanleg oppfatning at det ikkje er noko innhald igjen i denne lovregelen, fordi reglane om ytringsfridom, mellom anna i Grunnlova § 100 må gå framom. Somme motstandarar av publiseringa av karikaturane ønskte at lovregelen i straffelova § 142 skulle brukast i eit slikt tilfelle.