Spétses (gresk skrift Σπέτσες, i antikken Σπέτσαι, Spetsai eller Πιτυούσσα, Pityussa) er ei øy i Hellas som vert rekna til Dei saroniske øyane. Fram til 1948 var ho ein del av det gamle prefekturet Argolidokorinthia, som i dag er delt i periferieiningane Argolída og Korinthía. I antikken vart øya kalla Pityousa og seinare Petses. Øya har berre ein landsby, og var tidlegare berre ein av to provinsar i Hellas som hadde mindre enn fem busetnadar og to kommunar. I dag er Spétses ein kommune i periferieininga Øyane i periferien Attikí.[2]

Spétses
Lokalt namn Σπέτσες
Geografi
Stad Saroniabukta i Egearhavet
Koordinatar 37°15′N 23°08′E / 37.250°N 23.133°E / 37.250; 23.133
Øygruppe Dei saroniske øyane

Areal 27,12 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Øyane
Største busetnad Spétses (4 001 innb.)

Demografi
Folketal 4 027 (2011[1])
Folketettleik 148,5 /km²

Ferjer og hydrofoilar går frå Pireus, frå Pláka nær Leonídio og frå NávplioPeloponnes. Det er strenge reglar for motoriserte køyretøy på øya, så det offentlege transportsystemet består hovudsakleg av hest og kjerre og båttaxiar. Det er enkelte taxiar og bussar på øya, men desse må ha ein spesiell lisens. Dei busette områda er usansett så kompakte at folk flest nyttar scooterar, syklar eller går.

Spétses har ein grunnskule, ein latinskule, eit gymnas og mange kyrkjer spreidd rundt på øya.

Historie endre

Ein har gjort arkeologiske funn på Spétses som går tilbake til om lag 2000 fvt. I antikken var derimot øya lite viktig. Republikken Venezia fekk kontroll over øya rundt 1220, og gav henne namnet Spezia ('krydder') på 1400-talet ettersom ho låg på ei viktig handelsrute for krydder. Over tid blei nament forgreska til Spetsai.

På 1700-talet slo mange arvanittar seg ned på Spétses etter at Peloponnes var blitt teken av osmanarane og dei var blitt utviste frå Venezia. Dei slo seg ned i Kastelli-området, der dei forsterka det vernande terrenget med murar.

Frå 1821 til 1832 spelte øya ei viktig rolle i den greske sjølvstendekrigen mot Det osmanske riket, og var heimstad til krigsheltinna Laskarina Bouboulina. Den moderne greske fregatten F 453 «Spetsai» og det historiske greske slagskipet «Spetsai» er begge kalla opp etter øya.

På 1960- og 1970-talet trekte øya til seg mange rike grekarar frå mellom anna Athen, som eigde sommarhus her eller budde i store luksusbåtar i hamna.

Byar og tettstader endre

Byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Spétses 4 001
Áji Anárjyri 18
Kouzoúnos 4
Ligonéri 4
Moní Ajíon Pándon 0

Småøyar i kommunen:

  • Velopoúla (0)
  • Spetsopoúla (0)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre