Spania i Eurovision Song Contest

Spania debuterte i Eurovision Song Contest i 1961 og deltok i 2021 for 60. gong. Spania er ein av «dei fem store» – ei gruppe på fem land som er automatisk kvalifiserte til finalen på grunn av sine store økonomiske bidrag til tevlinga. Sidan debuten i 1961 har Spania delteke kvart einaste år. Berre Storbritannia har delteke lenger samanhengande, sidan 1959.[1]

Spania

Offisielt Spania

Radiotelevisión Española
Uttakingar
Deltaking
Debutår 1961
Deltakingar 60
Beste resultat
Finalen 1 (1968 og 1969)
Verste resultat
Finalen Sist (1962, 1965, 1983, 1999 og 2017)
Poeng
Totalt 2 798

Spania har vunne Eurovision Song Contest to gongar, i 1968 og 1969. Av alle deltakarlanda som har vunne Eurovision Song Contest, er Spania per 2021 det landet som har hatt den lengste sigerstørka i historia til tevlinga, med 52 år utan ein siger. Frå 2015 har Spania vore blant dei fem lågaste plasserte landa på resultatlista, inkludert ein sisteplass i 2017.

Historikk endre

Det er den spanske ålmennkringkastaren Radiotelevisión Española (RTVE) som har ansvaret for å velje det spanske bidraget til Eurovision Song Contest. Spania debuterte i Cannes i 1961, med Conchita Bautista. Etter fem år med dårlege resultat, inkludert to sisteplassar, innleia Spania ein gullalder i 1966. Dei neste ti åra enda Spania på topp ti kvart einaste år, inkludert to sigrar og to andreplassar.

Sigrane kom to år på rad, fyrst i 1968 då Massiel og «La, la, la» slo det britiske bidraget «Congratulations» med eitt einaste poeng. På heimebane året etter vann Spania igjen med Salomé og «Vivo cantando». Men sigeren måtte dei dele med tre andre land, Storbritannia, Nederland og Frankrike, sidan det ikkje var nokon regel som hindra at fleire land kunne dele sigeren.[2]

Opp og ned endre

 
Julio Iglesias deltok for Spania i 1970.

Etter 1976 har resultata til Spania svinga kraftig. Landet var svært nær ved å vinne i 1979, men den spanske juryen «gav frå seg» sigeren då dei gav ti poeng til sin argaste konkurrent, Israel. I 1995 kom Spania nok ein gong på andreplass, berre slått av Noreg og Secret Garden.

Sidan 1995 har resultata til Spania vore relativt skuffande. To sjetteplassar er dei beste plasseringane til Spania, og sidan 2005 har Spania berre klart to tiandeplassar som beste plassering. Sidan debuten har Spania komme sist fem gongar, seinast i 2017. Særleg skuffande har resultata vore frå 2015, der Spania har vore blant dei seks dårlegaste i finalen kvart år. I 2017 fekk ikkje Spania eit einaste poeng i juryavrøystinga, og i 2021 fekk ikkje Spania eit einaste poeng i telefonavrøystinga.[3]

Dei fem store endre

I 2000 innførte Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) ei ordning som sikra at dei fire største økonomiske bidragsytarane fekk automatisk innpass i Eurovision-finalen. Gruppa vart kalla «dei fire store», og Spania utgjer gruppa saman med Tyskland, Storbritannia og Frankrike. I 2011 kom Italia tilbake i tevlinga, og «dei fire store» vart utvida til «dei fem store». Spania har dimed aldri delteke i ein semifinale i Eurovision Song Contest.[4]

Populære finalar endre

RTVE har ofte halde ein nasjonal finale, tilsvarande norske Melodi Grand Prix, for å velje det spanske bidraget til Eurovision Song Contest. I perioden 1977-1997 valde kringkastaren song og artist internt, men i 2000 var dei nasjonale tevlingane tilbake igjen. I 2002 brukte RTVE den populære talenttevlinga Operación Triunfo til å velje det spanske bidraget, noko som førte til eit kraftig oppsving i populariteten til tevlinga. Den internasjonale finalen same år vart sett av over 14 millionar spanjolar, det høgaste sjåartalet etter at Spania fekk moderne sjåarmålingar tidleg på 1990-talet. Fyrst under finalen i Fotball-EM i 2008 vart rekorden slått.[5]

Bidrag som vart forstyrra endre

 
Daniel Diges under ei av prøvene i Oslo i 2010.

Tre gongar opp gjennom Eurovision-historia har eit ikkje-vinnande bidrag fått framføre på nytt, og to av desse bidraga var spanske. Det fyrste var i 1990, då duoen Azúcar Moreno skulle opne showet i Zagreb. Songen «Bandido» vart framført som ein kombinasjon av ferdiginnspelt musikk og akkompagnert av eit orkester på direkten. Då bandet vart sett på, kom ikkje orkesteret i gong då det skulle, og Azúcar Moreno gjekk frustrerte av scena. På andre forsøk gjekk alt som det skulle, og det spanske bidraget enda på ein femteplass.[6]

20 år seinare, i Bærum i 2010, vart det spanske bidraget nok ein gong forstyrra, då den berykta scenestormaren Jimmy Jump klarte å ta seg opp på scena under framføringa av «Algo pequeñito». Spania fekk framføre på nytt etter at resten av landa hadde sunge.[7]

I 1964 var Spania også involvert i ei scenestorming, då ein mann klarte å ta seg opp på scena med ein plakat som protesterte mot den portugisiske diktatoren Salazar og den spanske diktatoren Franco. Men hendinga påverka ikkje framføringa av det spanske bidraget, sidan den skjedde i pausen mellom det sveitsiske og belgiske bidraget.[8]

Deltakarar endre

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Plass Poeng Plass Poeng
  1961 Conchita Bautista «Estando contigo» Spansk 9 8 Ingen semifinalar
  1962 Victor Balaguer «Llámame» Spansk 13 0
  1963 José Guardiola «Algo prodigioso» Spansk 12 2
  1964 Tim, Nelly og Tony (Los TNT) «Caracola» Spansk 12 1
  1965 Conchita Bautista «Qué bueno, qué bueno» Spansk 15 0
  1966 Raphael «Yo soy aquél» Spansk 7 9
  1967 Raphael «Hablemos del amor» Spansk 6 9
  1968 Massiel «La, la, la» Spansk 1 29
  1969 Salomé «Vivo cantando» Spansk 1 18
  1970 Julio Iglesias «Gwendolyne» Spansk 4 8
  1971 Karina «En un mundo nuevo» Spansk 2 116
  1972 Jaime Morey «Amanece» Spansk 10 83
  1973 Mocedades «Eres tú» Spansk 2 125
  1974 Peret «Canta y sé feliz» Spansk 9 10
  1975 Sergio og Estíbaliz «Tú volverás» Spansk 10 53
  1976 Braulio «Sobran las palabras» Spansk 16 11
  1977 Micky «Enséñame a cantar» Spansk 9 52
  1978 José Vélez «Bailemos un vals» Spansk og fransk 9 65
  1979 Betty Missiego «Su canción» Spansk 2 116
  1980 Trigo Limpio «Quédate esta noche» Spansk 12 38
  1981 Bacchelli «Y sólo tú» Spansk 14 38
  1982 Lucía «Él» Spansk 10 52
  1983 Remedios Amaya «¿Quién maneja mi barca?» Spansk 19 0
  1984 Bravo «Lady, Lady» Spansk 3 106
  1985 Paloma San Basilio «La fiesta terminó» Spansk 14 36
  1986 Cadillac «Valentino» Spansk 10 51
  1987 Patricia Kraus «No estás solo» Spansk 19 10
  1988 La Década Prodigiosa «La chica que yo quiero» Spansk 11 58
  1989 Nina «Nacida para amar» Spansk 6 88
  1990 Azúcar Moreno[9] «Bandido» Spansk 5 96
  1991 Sergio Dalma «Bailar pegados» Spansk 4 119
  1992 Serafín Zubiri «Todo esto es la música» Spansk 14 37
  1993 Eva Santamaría «Hombres» Spansk 11 58 Kvalifikacija za Millstreet
  1994 Alejandro Abad «Ella no es ella» Spansk 18 17 Ingen semifinalar
  1995 Anabel Conde «Vuelve conmigo» Spansk 2 119
  1996 Antonio Carbonell «¡Ay, qué deseo!» Spansk 20 17 14 43
  1997 Marcos Llunas[10] «Sin rencor» Spansk 6 96 Ingen semifinalar
  1998 Mikel Herzog «¿Qué voy a hacer sin ti?» Spansk 16 21
  1999 Lydia «No quiero escuchar» Spansk 23 1
  2000 Serafín Zubiri «Colgado de un sueño» Spansk 18 18
  2001 David Civera «Dile que la quiero» Spansk 6 76
  2002 Rosa «Europe's Living a Celebration» Spansk 7 81
  2003 Beth «Dime» Spansk 8 81
  2004 Ramón «Para llenarme de ti» Spansk 10 87 Direktekvalifisert
  2005 Son de Sol «Brujería» Spansk 21 28
  2006 Las Ketchup «Un Blodymary» Spansk 21 18
  2007 D'Nash «I Love You Mi Vida» Spansk og engelsk 20 43
  2008 Rodolfo Chikilicuatre «Baila el Chiki-chiki» Spansk og engelsk 16 55
  2009 Soraya Arnelas «La noche es para mí» Spansk og engelsk 24 23
  2010 Daniel Diges «Algo pequeñito» Spansk 15 68
  2011 Lucía Pérez «Que me quiten lo bailao» Spansk 23 50
  2012 Pastora Soler «Quédate conmigo» Spansk 10 97
  2013 El Sueño de Morfeo «Contigo hasta el final» Spansk 25 8
  2014 Ruth Lorenzo «Dancing in the Rain» Spansk og engelsk 10 74
  2015 Edurne «Amanecer» Spansk 21 15
  2016 Barei «Say Yay!» Engelsk 22 77
  2017 Manel Navarro «Do It for Your Lover» Spansk og engelsk 26 5
  2018 Amaia og Alfred «Tu canción» Spansk 23 61
  2019 Miki «La venda» Spansk 22 54
  2020 Blas Cantó «Universo» Spansk Tevling avlyst
  2021 Blas Cantó «Voy a quedarme» Spansk 24 6 Direktekvalifisert
  2022 Chanel Terrero «SloMo» Spansk og engelsk

Galleri endre

Røystehistorikk endre

Spania har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01   Italia 242
02   Tyskland 237
03   Portugal 184
04   Frankrike 172
05   Storbritannia 155

Spania har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01   Portugal 221
02   Frankrike 182
03   Sveits 174
04   Belgia 147
05   Hellas 141

Eurovision Song Contest i Spania endre

År Stad Arena Programleiarar
1969   Madrid Teatro Real Laura Valenzuela

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. «Spain – Eurovision Song Contest». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 29. november 2016. 
  2. «Eurovision Song Contest 1969». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 29. november 2016. 
  3. «Spain: RTVE's president reportedly making changes to Eurovision delegation». wiwibloggs (på engelsk). 25. mai 2021. Henta 26. mai 2021. 
  4. Victor M. Escudero (23. september 2015). «'Big Five' and host country more prominently in the Semi-Finals». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 29. november 2016. 
  5. «Rosa Lopez». Firstnamelist.org. 9. januar 2013. Arkivert frå originalen 29. november 2016. Henta 29. november 2016. 
  6. «Eurovision 1990 Spain-Azucar Moreno-Bandido (video av framføringen)». EBU/YouTube. 9. mai 2006. Henta 29. november 2016. 
  7. Ighanian, Catherine Gonsholt (29. mai 2010). «Mann brøt seg inn på MGP-scenen». VG Nett. 
  8. «Eurovision Song Contest 1964». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 29. november 2016. 
  9. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  10. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.

Bakgrunnsstoff endre